Arve
mannsnamn
- Sjå òg elva Arve
Arve er ei avleiing av mannsnamnet Arvid, som kjem frå norrønt Arnviðr. Dette namnet er opphavleg sett saman av orn, 'ørn', og viðr, 'skog'.
Arve har namnedag den 1. april.
Namnet var ein god del brukt i Noreg på førstedelen av 1900-talet, med størst bruk på 1950- og 1960-talet. Deretter har bruken gått ned. I 2009 var det 4 719 norske menn som heitte Arve.
Namneberarar
endre- Arve Opsahl (1921–2007), norsk skodespelar og komikar
- Arve Solstad (f. 1935), norsk pressemann
- Arve Tellefsen (f. 1936), norsk fiolinist
- Arve Bakke (f. 1952), norsk fagforeiningsleiar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Arve» frå Wikipedia på bokmål, den 1. april 2009.
- Søk etter norsk namnestatistikk for Arve hjå Statistisk Sentralbyrå