Salstrofé i musikkbransjen
Salstrofé i musikkbransjen vert utdelt for visse tal selde plater, album og singlar. Det er bransjeorganisasjonane i kvart land som står for tildelinga, men plateselskapa må som regel betale ein kontingent for å få sertifisert salstala.
Noreg
endreI Noreg er det bransjeorganisasjonane IFPI og FONO som tildeler salstroféa.
Trofé | Album | Singlar | Musikk-DVDar |
Gull | 15 000 | 5 000 | 5 000 |
Platina | 30 000 | 10 000 | 10 000 |
Krava for albumtrofé vart endra 6. september 2006. Tilsvarande tal var tidlegare 20 000 og 40 000. Ein tel med nedlasting via internett og til mobil når ein reknar ut salstala. For singlar gjeld sal av heile låtar, mens for album må ein selje minst 3/4 av heile albumet.[1]
USA
endreI USA er det bransjeorganisasjonen RIAA som tildeler salstroféa.
Trofé | Einingar |
Gull | 500 000 |
Platina | 1 000 000 |
Diamant | 10 000 000 |
Merknad: Før 1. januar 1989, blei gull gjeve ved ein million selde singlar, og platina ved to millionar selde singlar.
Storbritannia
endreI Storbritannia er det British Phonographic Institute som tildeler salstroféa.
Trofé | Album | Singlar |
Sølv | 60 000 | 200 000 |
Gull | 100 000 | 400 000 |
Platina | 300 000 | 600 000 |
Tyskland
endreI Tyskland er det IFPI Deutschland/Bundesverband Phono som tildeler salstroféa.
Trofé | Album | Singlar |
Gull | 150 000 | 300 000 |
Platina | 300 000 | 500 000 |
Kjelde
endre- Denne artikkelen bygger på «Salstrofe i musikkbransjen» frå Wikipedia på bokmål, den 22. januar 2010.
Fotnotar
endre- ↑ Troféreglar frå IFPI, arkivert frå originalen 13. juni 2007, henta 22. januar 2010