Inger Sofie Enger
norsk politikar
Inger Sofie Enger (fødd 6. juli 1948 i Trøgstad i Østfold) er ein norsk politikar for Sp. Ho sat to periodar på Stortinget frå Oppland, frå 2001 til 2009. Enger var ordførar i Gausdal kommune 1994–2001, og ho var varordfører frå 1991. Etter at ho gjekk av som stortingsrepresentant hausten 2009 vart ho rektor på Gausdal Vidaregåande Skole.
Inger Sofie Enger | |||
Fødd | 6. juli 1948 (76 år) Trøgstad kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Senterpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Enger er syster til den tidlegare partileiaren Anne Enger Lahnstein. Ho er skilt, og har tre born.
Stortingskomitéar
endre- 2005–2009 medlem i Kyrkje-, utdannings- og forskningskomitéen.
- 2005–2009 varamedlem i Valkomitéen.
- 2001–2005 medlem i Energi- og miljøkomitéen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Inger Sofie Enger» frå Wikipedia på bokmål, den 18. desember 2015.