Jo
personnamn
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Jo (fleirtyding).
Jo er eit personnamn som kan brukast av menn og kvinner. Det har namnedag den 29. august.
Jo kan vera ei kortform av alle namn som byrjar med Jo-. I nordisk samanheng er det særleg knytt til Joakim og Johannes, i engelsk mykje knytt til Joan, Joanna og Josephine.
Bruk
endreI Noreg er Jo mest brukt som mannsnamn. Namnet var særleg populært frå rundt 1965 til 1970. I 2009 var det 2 076 norske menn som heitte Jo, og 12 kvinner.
I USA var Jo mykje brukt som jentenamn for barn fødde frå 1930-talet til 1950-talet.
Namneberarar
endreKvinner
endre- Jo van Ammers-Küller (1884–1966), nederlandsk forfattar, døypt Johanna
- Jo Giæver Tenfjord (1918–2007), norsk forfattar
Menn
endre- Jo Gjende, (1794–1884), norsk storskyttar og fjellmann, døypt Jo Tjøstolvsson Kleppe
- Jo Visdal (1861–1923), norsk bilethoggar
- Jo Benkow (f. 1924), norsk politikar, opphavleg Josef Elias
- Jo Ørjasæter (1925 - 2006), norsk journalist
- Jo Stang (1936–1998), norsk kunstnar døypt Johan Otto
- Jo Hov (f. 1941), norsk jurist
- Jo Eggen (f. 1952), norsk forfattar
- Jo Nesbø (f. 1960), norsk musikar og forfattar
- Jo Strømgren (f. 1970), norsk dansar
Sjå òg
endreKjelder
endre- norskenavn.no (gutenamn) og norskenavn.no (jentenamn)
- Søk etter norsk namnestatistikk for Jo hjå Statistisk Sentralbyrå