Kristine

kvinnenamn

Kristine og Kristina, med variantane Christine og Christina, er kvinnenamn med opphav i latinske Chrístiána, ei hokjønnsform av mannsnamnet Chrístiánus, seinare Kristian. Namnet tyder 'høyrer til Kristus' eller 'kristen'.

Dronning Kristina av Sverige.
Diktaren Christina Rossetti.

Kristin og Stine er kortformer av Kristine.

Kristine har namnedag den 24. juli i Noreg.

I 2009 heitte 11 437 norske kvinner Kristine, 5 525 Christine, 4 232 Christina og 3 722 Kristina.

Namneberarar

endre

Oppdikta

endre
  • Christine Daae er namnet på den kvinnelege hovudpersonen i Operafantomet.

Kjelder

endre