Norheimsund
Norheimsund er kommunesenteret i Kvam herad i Vestland. Namnet er bygd opp av orda nor som tyder 'trongt sund', heim og sund. Det viser til sundet mellom Movatnet og Hardangerfjorden. Bygda ligg 74 km (ein time køyring med bil) frå Bergen langs Fylkesveg 7 på nordsida av Hardangerfjorden. Ein av dei best kjende fossane i landet, Steinsdalsfossen, ligg ved Norheimsund.
Norheimsund | |||
tettstad | |||
Midt i biletet ligg Norheimsund sentrum med Sandvenholmen og over stikk Aksnes ut i Ytre Samlafjorden. Biletet er teke frå Skutlaberg. Movatnet ligg nærast i biletet. Til venstre ser ein litt av Tolomarka. Til høgre for kyrkja er Kaldestad og kammen over ligg Tveit og Bjødnabrakane litt høgare. Øvst i biletet skimtar ein Folgefonni.
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvam | ||
Areal | 3,93 km² | ||
Folketal | 4 619 (2023) | ||
Folketettleik | 1 175 / km² | ||
Postnummer | 5600 NORHEIMSUND | ||
Innbyggjarnamn | Grovalark | ||
Preposisjon | i Norheimsund | ||
Norheimsund 60°22′00″N 6°08′00″E / 60.36666667°N 6.13333333°E | |||
Norheimsund ligg i ytre Hardanger
| |||
Wikimedia Commons: Norheimsund |
Norheimsund er handelssenteret i ytre Hardanger, og har om lag 50 butikkar og fleire tenester. Her er det gjestekai med service-bygg, ny kaipromenade, og det er lagt ned eit stort sjakkbrett i skifer i eit amfi. Kvam herad fekk tettstadsprisen 2000 for sitt arbeid med sjøsida i Norheimsund. I 2013 vann Norheimsund Statens pris for attraktiv stad. Prisen vart delt ut av kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.[1]
Sandven Hotel og Hardanger Fartøyvernsenter ligg i Norheimsund. Begge er tildelt Olavsrosa for å vera eit «fyrtårn i Norsk Kulturarvs produktspekter». Kyrkja i Norheimsund, invigd i 1992, er bygd på dugnad og med innsamlingar. Borgstova på Vikøy prestegard er kjend som «Tidemandstova», fordi biletkunstnaren Adolph Tidemand henta inspirasjon til fleire av måleria sine her, mellom anna Haugianarane.
Norheimsund er også eit trafikknutepunkt, og har båtruter mot Utne og Eidfjord, bussruter mot Bergen, mot Voss, og mot Vikøy, Tørvikbygd, Jondal, Strandebarm og Kvinnherad. Lokalavisa for Kvam og Jondal, Hordaland Folkeblad, kjem ut i Norheimsund.
Historie
endreDelen av Hardanger der Norheimsund ligg er fruktbar, og det har truleg budd folk her heilt sidan siste istida. Helleristingar i området er datert til om lag 4000 fvt.
Bybrannen i Bergen gjer at registreringar før 1600-talet er mangelfulle. Det er ingen registreringar som er att frå før 1300-talet. Den tidlegaste dokumentasjonen er ei rettssak om naustrekkja på Sandven som er dokumentert tilbake til midten av 1300-talet.
Klyngjetun er ein byggeskikk som går tilbake til vikingtida, og fanst i Norheimsund fram til utskiftingane frå midten av 1800-talet til midten av 1900-talet. Klyngjetun danna eit vern mot ytre fiendar samstundes som dei var ein effektiv måte å nytta ressursar på. Dei var likevel utsette for brann, og både klyngjetunet i Botnen og på Steine brann ned på 1800-talet og førte til utflytting. På Fykse er mykje av det gamle klyngetunet bevart den dag i dag.
På naustplassen for gardane i Steinsdalen vart det i 1850-åra etablert handel og hotell. Sentral i dette var Nils Skutlaberg som seinare tok namnet Nils Sandven. Her vart det bygd opp eit sentrum kalla «Grova».
Den fyrste brua over Straumen vart teken i bruk i 1876.[2] Restane av brustolpane kan ein enno sjå på vestsida av noverande bru. Bogebrua i stein vart bygd i 1909. Fylkesveg 7 går i dag over ei betongbru som vart bygd på 1970-talet.
Vegen over Tokagjelet mot Bergen vart påbyrja i 1900 og stod ferdig i 1907. Arbeidet vart utført ved at arbeidarane vart firt ned frå fjellet og hang ut frå fjellsida. Hammar og meisel var også festa med tau.
Heile det sentrale butikkstroket i Norheimsund vart lagt i oske under ein storbrann fredag 7. oktober 1932. Senteret vart bygd opp igjen i ein funksjonalistisk arkitektur i tida 1932 til 1934.
Under den andre verdskrigen hadde okkupasjonsmakta ein trengingsleir i Norheimsund, og det vart bygd store forsvarsanlegg mot fjorden.
Etter krigen har tettstaden stadig vorte bygd ut med fleire innbyggjarar og fleire verksemder og butikkar. I 1986 budde det 1 648 menneske i Norheimsund, i 1999 hadde talet auka til 1 987 og i 2005 til 2 146. I 2013 hadde Norheimsund og Øystese vokse saman Det samla folketalet for desse bygdene var 4 399 i 2019.
Folketalsutvikling
endreFolketalsutvikling i Norheimsund | ||||
---|---|---|---|---|
År | Innbyggjarar | |||
1920 | 177 | |||
1930 | 183 | |||
1946 | 724 | |||
1950 | 553 | |||
1960 | 1 269 | |||
1970 | 1 492 | |||
1980 | 1 686 | |||
1990 | 1 562 | |||
2000 | 1 987 | |||
2009 | 2 132 | |||
2012 | 2 224 | |||
2013* | 4 291 | |||
2019 | 4 399 | |||
2013: Tettstaden Øystese vart innlemma. Kjelder: |
Næringsliv
endreViktige næringsgreiner i Norheimssund er turisme, jordbruk, handel og industri.
Turisme
endreViktige turistattraksjonar og -verksemder er:
- Hardangerfjorden
- Steinsdalsfossen
- Kvamskogen
- Sandven Hotel
- Hardanger Fartøyvernsenter
- Borgstova ved Vikøy kyrkjegård
Industri
endreViktige verksemder innan industri, bygg og anlegg er:
- Lid Jarnindustri AS
- SOCON Norheimsund Sveis AS
- Norheimsund Industrier AS
- Botnen Entreprenør AS
Anna
endreAvisa Hordaland Folkeblad (grunnlagt i 1873) vert gitt ut i Norheimsund. Dette er den eldste noverande lokalavis i Noreg.
Opplysningen 1881 har ei avdeling i Norheimsund.
Personar med tilknyting til Norheimsund
endre- Geirr Tveitt, komponist
- Svein Rosseland, astrofysikar og professor
- Per Øyvind Heradstveit, journalist
- Valgerd Svarstad Haugland, politikar og tidlegare statsråd
- Yngve Sundvor, regissør
- Torbjørn Hansen, politikar, stortingsrepresentant for Høgre
- Gunnar Aksnes, professor i organisk kjemi
- Kaare Aksnes, professor i teoretisk astrofysikk
- Thore Eithun Helland, forfattar og jurist
- Atle Neteland, direktør i Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap (BKK)
- Dagfinn Neteland, direktør i Tide (kom frå direktørstillinga i HSD)
- Johannes D. Neteland, direktør i TTS Marin
- Mons Breidvik, kunstnar
- Geir Botnen, pianist
- Øyvind Nyborg, songar
Biletgalleri
endre-
Norheimsund sett frå Tolomarka. I bakkant av Movatnet kan ein skimta Steinsdalsfossen. (Foto: Frank Tangen)
-
Steinsdalsfossen vert vitja av nærare 300 000 turistar kvart år.
-
Det går ein gangveg bak Steinsdalsfossen.
-
På branntomta frå 1932 vart det bygd opp murhus i funkis-stil.
-
Sandven Hotell.
-
Hardanger Fartøyvernssenter.
-
Norheimsund kyrkje er bygd på dugnad.
-
Kvam rådhus - Statuen framfor rådhuset er Jenta med fuglen av Øystein J Laupsa.
-
Norheimsund Gjestebrygge.
-
Restar av ei tysk maskingeværstilling frå den andre verdskrigen.
-
Norheimsund sentrum vert kalla Grova.
-
Norheimsund stadion.
Anna
endreNorheimsund sentrum blir kalla Grova, og ei nemning på folk frå Norheimsund er grovalark. Dette var tidlegare ei nedsettjande nemning men er no nøytral.
Det har ofte vore bygdestrid mellom Norheimsund og «tvillingbygda» Øystese. Sist blussa dette opp då Kvam heradsstyre i 2006 røysta for at ungdomsskuleelevane i bygdene skulle samlast i Kvam ungdomsskule i Øystese.
Kjelder
endre- Attersyn - bygdebøker frå Kvam
- Kvam herad
- Olavsrosa
- Tettstadprisen 2000 Arkivert 2007-12-14 ved Wayback Machine.
- Hordaland Folkeblad
- Bergens Tidende om bygdestriden mellom Norheimsund og Øystese. Arkivert 2008-10-30 ved Wayback Machine.
Referansar
endre- ↑ «Prisvinnande stadutvikling i Norheimsund». Regjeringa.no. 24.05.2013.
- ↑ "Gamalt frå Kvam" frå Kvam Sogelag fortel at brua vart teken i bruk 1876.