Ole Kristian Furuseth
Ole Kristian Furuseth (fødd 7. januar 1967) er ein norsk tidlegare alpinist frå Jessheim. Han fekk bronsemedaljen i slalåm under VM i 1991 og tok OL-sølv i same øvinga i 1998. Furuseth vann ni renn i verdscupen i alpine greiner, og sikra seg pokal som beste storslalåmrennar i verdscupen både i 1989 og 1990. Sju gongar vart han norsk meister i alpinbakken.
Ole Kristian Furuseth | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. januar 1967 (57 år) Jessheim |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 2002, Alpint under Vinter-OL 1998 – Slalåm menn |
Utmerkingar | Aftenpostens Gullmedalje, Sportsjournalistenes statuett |
Karriere
endreFuruseth fekk sitt internasjonale gjennombrot i Adelboden i januar 1989, der han vart nummer to i eit storslalåmrenn i verdscupen. I mars same sesongen tok han sin fyrste siger i verdscupen i Furano i Japan, då han gjekk til topps i ei slalåmtevling. Slalåm stod på programmet då han elleve år seinare, i mars 2000 i Bormio, tok sin niande og siste verdscupsiger. Han vart då den fyrste skialpinist med verdscupsigrar i tre ulike tiår. Dei ni verdscupsigrane fordelte seg på tre i storslalåm og seks i slalåm. Han vann i 1989 storslalåm-delen av verdscupen 1989, delt med Pirmin Zurbriggen frå Sveits. Også sesongen etter delte han sigeren i verdscup-storslalåmen, då med Günter Mader frå Austerrike. Den sesongen kom han på andreplassen i den samla verdscupen i alpine greiner.
Under VM 1989 i Vail vart Furuseth nummer seks i slalåm og åtte i storslalåm. To år seinare tok han bronse i slalåm-tevlinga i VM 1991 i Saalbach-Hinterglemm, og kom på fjerdeplass både i storslalåm og super-g. I 1992 vart det ein ny fjerdeplass i slalåm i vinter-OL 1992 i Albertville, ei plasseringa han kopierte i same øvinga under VM 1997 i Sestriere. Til sist kom ein OL-medalje då han sørgde for norsk dobbeltsiger i slalåm under vinterleikane 1998 i Nagano, Hans Petter Buraas tok ein klar siger.
Furuseth la opp som alpinist i 2002.
Han vart i 1989 tildelt Morgenbladets Gullmedalje for årets prestasjon i norsk idrett.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Ole Kristian Furuseth – Profil og resultatoversikt hos FIS
- «Ole Kristian Furuseth». olympedia.org. Henta 16. januar 2023.