Paul Accola
Paul Accola (fødd 20. februar 1967) frå Davos er ein sveitsisk, tidlegare skirennar som i 1992 vann verdscupen i alpine greiner. I den sesongen vann han både super-G-cupen og kombinasjonscupen og vart nummer to i slalåmcupen. Gjennom si tid som aktiv vann han fire meisterskapsmedaljar i kombinasjonsøvinga, ein sølv og tre bronser. Første medaljen fekk han under OL 1988, den siste i VM 2001. Han deltok i verdscupen i tida 1988-2005, der han vann sju enkeltrenn og stod på sigerspallen 26 gongar, siste gongen i 2000. Alle sigrane i verdscuprenn kom i 1991/92-sesongen.
Paul Accola | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 20. februar 1967 (57 år) Davos |
Idrett | alpint |
Tok del i | Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Vinter-OL 2002, alpine skiing at the 1988 Winter Olympics – men's combined |
Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap
endre- 1988: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen under vinter-OL i Calgary
- 1989: Sølvmedalje i den alpine kombinasjonen og nr 4 i slalåm under VM i alpint i Vail
- 1991: Nr 4 i kombinasjonen og nr 11 i slalåm under VM i alpint i Saalbach-Hinterglemm
- 1992: Nr 4 i storslalåm og nr 10 i super-G under vinter-OL i Albertville
- 1993: Nr 5 i slalåm under VM i alpint i Morioka
- 1994: Nr 6 i kombinasjonen og nr 14 i super-G under vinter-OL på Lillehammer
- 1996: Nr 11 i kombinasjonen og nr 13 i storslalåm under VM i alpint i Sierra Nevada
- 1997: Nr 5 i storslalåm og nr 6 i kombinasjonen under VM i alpint i Sestriere
- 1998: Nr 7 i storslalåm under vinter-OL i Nagano
- 1999: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen, nr 4 i storslalåm og nr 5 i super-G under VM i alpint i Vail
- 2001: Bronsemedalje i den alpine kombinasjonen og nr 8 i storslalåm under VM i alpint i St. Anton
- 2002: Nr 6 i kombinasjonen og nr 10 i super-G under vinter-OL i Salt Lake City
Verdscupsigrar
endreDato | Stad | Land | Øving |
---|---|---|---|
29. november 1991 | Breckenridge | USA | Storslalåm |
30. november 1991 | Breckenridge | USA | Slalåm |
13. januar 1992 | Garmisch-Partenkirchen | Tyskland | Kombinasjon |
19. januar 1992 | Kitzbühel | Austerrike | Kombinasjon |
26. januar 1992 | Wengen | Sveits | Kombinasjon |
1. februar 1992 | Megève | Frankrike | Super-G |
1. mars 1992 | Morioka | Japan | Super-G |
Accola la opp som alpinist i 2005.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Paul Accola» frå Wikipedia på tysk, den 18. februar 2012.
Bakgrunnsstoff
endre- (en) Paul Accola – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Offisiell nettside