Sigvald
mannsnamn
Sigvald er eit mannsnamn av norrønt opphav. Det har norsk namnedag den 19. august. Namnet kan òg stavast Sigval.
Namnet er danna av det norrøne Sigvaldr som er sett saman av sigr, 'siger', og valdr, 'hovding'.
Namneberarar
endre- Sigvalde jarl, Sigvaldi Strut-Haraldsson (kanskje sist på 900-talet) sogeomspunnen leiar for jomsvikingane
- Sigvald Skavlan (1839–1912), norsk geistleg
- Sigval Bergesen d.e. (1863-1956), norsk skipsreiar og stortingsmann
- Sigvald Mathias Hasund (1868–1959), norsk landbruksforskar og historikar
- Sigval Bergesen d.y. (1893–1980), norsk skipsreiar
- Sigvald Bernhard Refsum (1907–1991), norsk lege
- Sigvald Tveit (1945–2019), norsk komponist og musikkforskar
- Sigvald Oppebøen Hansen (f. 1950), norsk stortingspolitikar
Kjelder
endre- «Sigvald» i Store norske leksikon, snl.no.