Spellemannprisen 1976
Spellemannprisen 1976 vart delt ut våren 1977. Pianisten Robert Levin fekk heidringssprisen frå juryen dette året, og det vart delt ut pris i klassen «rock» for fyrste gong.
Noreg arrangerte samstundes VM i skiskyting, ei hending som også vart kringkasta til andre nasjonar. NRK stod for produksjonen av begge hendingane men hadde ikkje nok utstyr til å sende begge i fargar. Overføringa til andre land vart prioritert høgast og Spellemannprisen vart derfor overført i svart/kvitt dette året.
Vinnarar
endreKlasse | Artist | Tittel |
---|---|---|
Vokalist | Wenche Myhre | Wenche |
Pop | Match med Wenche Hallan | Match |
Rock | Arbeidslaget | Grovarbeid |
Folkemusikk/gammaldans | Toradertrioen | Takk for sist |
Jazz | Bjarne Nerem | Everything Happens to Me |
Klassisk musikk/samtidsmusikk | Einar Steen-Nøkleberg | Norsk barokk og galanterier |
Open klasse | Morten Gunnar Larsen | Classic Rags & Stomps |
Visesong | Ole Paus | I anstendighetens navn |
Barneplate | Visvas | Maleri av Visvas |
Spesialpris: heidringspris frå juryen | Robert Levin |
Kjelder
endre- Nettstaden ifpi.no Arkivert 2007-06-13 ved Wayback Machine.