Hopp til innhald

Kjempekjeglenebb: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Roarjo (diskusjon | bidrag)
medlem av slekta kjeglenebb, ''Conirostrum'', som tilhøyrer tanagarfamilien Thraupidae
 
Roarjo (diskusjon | bidrag)
sInkje endringssamandrag
 
Line 2: Line 2:
| bilete=Giant Conebill, Cajas, Ecuador (5771232969).jpg
| bilete=Giant Conebill, Cajas, Ecuador (5771232969).jpg
| bilettekst=Bilete frå [[Cajas nasjonalpark]], Ecuador
| bilettekst=Bilete frå [[Cajas nasjonalpark]], Ecuador
| kart = Conirostrum binghami map.svg
}}
}}
'''Kjempekjeglenebb''' (''Conirostrum binghami'') er ein [[sporvefugl]]art i slekta [[kjeglenebb]], ''Conirostrum'', som tilhøyrer [[tanagarfamilien]] Thraupidae. Tidlegare vart han rekna som den einaste medlemmen av den monotypiske slekta ''Oreomanes''.<ref name=clements/> Han høyrer heime i høgtliggjande [[Andes]]-regionar i nordvestre og vestre i [[Sør-Amerika]].
'''Kjempekjeglenebb''' (''Conirostrum binghami'') er ein [[sporvefugl]]art i slekta [[kjeglenebb]], ''Conirostrum'', som tilhøyrer [[tanagarfamilien]] Thraupidae. Tidlegare vart han rekna som den einaste medlemmen av den monotypiske slekta ''Oreomanes''.<ref name=clements/> Han høyrer heime i høgtliggjande [[Andes]]-regionar i nordvestre og vestre i [[Sør-Amerika]].


== Taksonomi og systematikk ==
== Taksonomi og systematikk ==
Arten ''C. binghami'' vart først skildra av den amerikanske ornitologen Frank Michler Chapman i 1919 under det vitskaplege namnet ''Oreomanes binghami''; typeområdet er: «ruinane av Cedrobamba, Machu Picchu, ca. 3660 moh, Peru».<ref name=Chapman1919/>
Arten ''C. binghami'' vart først skildra av den amerikanske ornitologen Frank Michler Chapman i 1919 under det vitskaplege namnet ''Oreomanes binghami''; typeområdet er: «ruinane av Cedrobamba, Machu Picchu, ca. 3660 moh, Peru».<ref name=Chapman1919/>


Det tidlegare synonyme taxa ''Oreomanes fraseri'' vart skildra av den britiske zoologen Philip Lutley Sclater i 1860, under same vitskaplege namn, med typeområdet «[[Chimborazo]], ca. 4270 moh, Ecuador».
Det tidlegare synonyme taxa ''Oreomanes fraseri'' vart skildra av den britiske zoologen Philip Lutley Sclater i 1860, under same vitskaplege namn, med typeområdet «[[Chimborazo]], ca. 4270 moh, Ecuador».

Siste versjonen frå 22. september 2024 kl. 09:02

Kjempekjeglenebb
Bilete frå Cajas nasjonalpark, Ecuador
Bilete frå Cajas nasjonalpark, Ecuador
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av kjempekjeglenebb
Utbreiinga av kjempekjeglenebb
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Kjeglenebb Conirostrum
Art: Kjempekjeglenebb C. binghami
Vitskapleg namn
Conirostrum binghami

Kjempekjeglenebb (Conirostrum binghami) er ein sporvefuglart i slekta kjeglenebb, Conirostrum, som tilhøyrer tanagarfamilien Thraupidae. Tidlegare vart han rekna som den einaste medlemmen av den monotypiske slekta Oreomanes.[1] Han høyrer heime i høgtliggjande Andes-regionar i nordvestre og vestre i Sør-Amerika.

Taksonomi og systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Arten C. binghami vart først skildra av den amerikanske ornitologen Frank Michler Chapman i 1919 under det vitskaplege namnet Oreomanes binghami; typeområdet er: «ruinane av Cedrobamba, Machu Picchu, ca. 3660 moh, Peru».[2]

Det tidlegare synonyme taxa Oreomanes fraseri vart skildra av den britiske zoologen Philip Lutley Sclater i 1860, under same vitskaplege namn, med typeområdet «Chimborazo, ca. 4270 moh, Ecuador».

Slektsnamnet Conirostrum består av dei latinske orda conus: «kjegle», og rostrum: «nebb»;[3] og artsnamnet binghami heidrar den nordamerikanske akademikaren og oppdagaren Hiram Bingham.[2] Arten er monotypisk.

Illustrasjon av Jennens i Proceedings of Zoological Society of London, 1859

Kjempekjeglenebb blir 15 til 16 cm lang og veg mellom 22 og 27 gram. Nebbet er langt og spist. Han er hovudsakleg grå på oversida med ei kort kastanjebrun stripe over auget og kvite kinn som er tydelege; undersida er kastanjebrun i varierande intensitet. Fuglane frå nord har ei jamt grå krone, medan dei i sør har varierande mengder kvitaktige nyansar i panna. Kjønna er like i fjørdrakt.[4][5]

Utbreiingsområdet er fragmentert frå sørvestlegaste Colombia i Nariño-departementet, langs Andes sør til provinsen Salta i nordlegaste Argentina. Den største samanhengande utbreiinga finst i Peru frå Ancash-regionen sør langs Andes og inn i Tarapacá-regionen i nordlegaste Chile. I Bolivia finst han i 4-5 åtskilde høgtliggande område. Han har fråvære mellom Azuay-provinsen i Ecuador og Ancash i Peru.[6]

Kjempekjeglenebb er ein insektetar som kan ta edderkoppar og supplere litt med blomsterblad.[5] Han lever åleine eller i grupper på fem eller færre. Denne arten er sterkt knytt til Polylepis-vekstar. Han flår borken av Polylepis-tre for å finne insekt. Arten er ein sesongmessig hekkefugl og byggjer reir i starten av regntida, i Bolivia frå oktober til desember. Reiret er ein open «kopp» plassert i Polylepis-greiner, og kullet er mest vanleg to egg. Begge foreldra rugar egga, matar ungane og fjernar avføring.[7]

Det naturlege habitatet er i små Polylepis-vekstar nær eller over tregrensa, hovudsakleg i høgder mellom 3500 og 4200 meter, sjeldnare eller lokalt lågare ned til 2700 meter eller opp til 4850 meter.

Kjempekjeglenebb er klassifisert som nær trua av Verdas naturvernunion (IUCN) på grunn av mistanken om at populasjonen, som enno ikkje er kvantifisert, kan vere i moderat rask tilbakegang som følgje av habitatøydeleggingar av Polylepis-skog og fragmentering i heile utbreiingsområdet. Populasjonane bør overvakast nøye for å slå fast raten av tilbakegang.[6]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2017), Updates & Corrections: August 2017, The Clements checklist of birds of the world: Version 6.12, page 648, Giant Conebill Oreomanes fraseri, Cornell Lab of Ornithology
  2. 2,0 2,1 Chapman, Frank M. (1919). «Descriptions of proposed new birds from Peru, Bolivia, Argentina, and Chile». Bulletin of the American Museum of Natural History 41: 323–333 [331–332]. 
  3. Jobling, James A. (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 116]. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  4. Ridgely, Robert; Tudor, Guy (2009). Field guide to the songbirds of South America: the passerines. Austin: University of Texas Press. s. 577. ISBN 978-0-292-71748-0. 
  5. 5,0 5,1 McCallum, Q. A., N. González, P. Gutiérrez, K. J. Burns, P. F. D. Boesman, og N. A. Mason (2024). Giant Conebill (Conirostrum binghami), version 2.0. I Birds of the World (G. M. Kirwan og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.giacon1.02
  6. 6,0 6,1 BirdLife International (2021). «Giant Conebill Conirostrum binghami». IUCN Red List of Threatened Species 2021. doi:10.2305/IUCN.UK.2021-3.RLTS.T22722114A172076225.en. Henta 22. september 2024. 
  7. Cahill, JR A; Matthysen, E; Huanca, NE (2008). «Nesting biology of the giant conebill (Oreomanes fraseri) in the High Andes of Bolivia». The Wilson Journal of Ornithology (BioOne) 120: 545––549. doi:10.1676/07-066.1. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kjempekjeglenebb