Hopp til innhald

Midt-Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 8. april 2013 kl. 04:49 av Addbot (diskusjon | bidrag) (robot: fjerna 1 interwikilenkjer som er flytte til d:q5061534Wikidata)

Midt-Noreg er ei nyare nemning på ein region som i snevraste tyding utgjer fylka i Trøndelag, men kan også inkludere tilgrensande område i landsdelane Nord-Noreg, Vestlandet og Austlandet.

Omgrepet er ofte brukt i ei vidare tyding som kan inkludere delar av Nordland (Helgeland) og Møre og Romsdal. Innan den offentlege forvaltinga er det berre ei eining som har nemninga Midt-Noreg i namnet: Helse Midt-Norge(RHF), som er ein av dei fem helseregionane i Noreg og dekkjer fylka Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal. Same område er dekt av eitt av dei fem regionale vegkontora, men dette bruker nemninga Region Midt.

Kjelder

«Midt-Norge» i Store norske leksikon, snl.no.