Syndicat National de l'Édition Phonographique
Syndicat National de l'Édition Phonographique | |||
Org.form | Samvirke | ||
---|---|---|---|
Skipa | 5. mai 1922 | ||
Hovudkontor | Neuilly-sur-Seine | ||
Land | Frankrike | ||
Nykelpersonar | Pierre Bourgeois | ||
Nettstad | http://www.snepmusique.com |
Syndicat National dei l'Édition Phonographique (norsk omsetjing: nasjonalt syndikat for lydutgjevingar), forkorta SNEP, er eit fransk samvirke beståande av medlemmar frå musikkbransjen i Frankrike. SNEP vart grunnlagt i 1922 og består av 48 medlemsorganisasjonar.[1] Føremålet er å verna interessene til den franske musikkbransjen, på same måte som norske TONO vernar den norske musikkbransjen.
SNEP er ansvarleg for å krevja inn og fordela royaltyar og innbetalte avgifter for bruk av musikk- og lydproduksjonar medlemsorganisasjonane i radio, fjernsyn, filmar, sceneproduksjonar og andre plattformer. Samanslutninga jobbar òg for å hindra piratkopiering og ulovleg deling av verka til medlemmane.
Olivier Nussa er styreleiar for SNEP per 2018.[2]
Hitlister og salstrofé
[endre | endre wikiteksten]SNEP tildeler òg salstrofé i musikkbransjen og utarbeider og publiserer vekentleg offisielle hitlister over dei meste populære singela og musikkalbuma i Frankrike.
I november 1984 starta SNEP med å utarbeida ein topp 50-liste over dei meste selde musikksinglane i landet.[3] Sidan hausten 2002 har dei offisielle listene vore som følgjer:
- Topp 100 over singlar
- Topp 150 over musikkalbum selt til full pris
- Topp 40 over samlealbum
- Topp 40 over musikkalbum selt til nedsett pris
Før 1984 vart dei franske hitlistene utarbeidd av Institut français d'opinion publique (IFOP).
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Syndicat National de l'Édition Phonographique» frå Wikipedia på bokmål, den 14. juni 2020.
- ↑ «L'organisation». SNEP. 1. november 2013. Henta 7. desember 2018.
- ↑ «AG SNEP : OLIVIER NUSSE PRESIDENT». SNEP. 21. juni 2018. Henta 7. desember 2018.
- ↑ «Les Chansons (Chronologie des différents Classements) avec leur particularité». www.infodisc.fr. Henta 7. desember 2018.