Ramiro Corrales
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 12. mars 1977 | ||
Fødestad | Salinas | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | San Jose Earthquakes | ||
Nummer | 5 | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
1996 1996-1997 1997-1998 1998-2001 2001-2004 2005-2006 2007 2008- |
Columbus Crew San Jose Earthquakes Miami Fusion MetroStars San Jose Earthquakes Ham-Kam SK Brann San Jose Earthquakes |
0 (0) 25 (1) 1 (0) 56 (0) 96 (8) 46 (2) 11 (1) 49 (2) | |
Landslag | |||
1996-2008 |
USA U20 USA |
19 (0) 5 (0) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. april 2010 ‡ Landslagsmål oppdatert 17. mars 2009 |
Ramiro Corrales (fødd 12. mars 1977 i Salinas, California) er ein amerikansk fotballspelar med meksikansk bakgrunn, som spelar på venstrekanten for San Jose Earthquakes. Corrales kom til Brann frå Ham-Kam føre 2007-sesongen.
Han starta si profesjonelle fotballkarriere i Major League Soccer-klubben San Jose Earthquakes i 1996. I november 1997 gjekk han til den no nedlagde Miami Fusion, og berre et halvt år etter dette gjekk han til MetroStars, der han spelte mykje. I 2001 gjekk han tilbake til San Jose Earthquakes.
Corrales har spelt fire landskampar for det amerikanske a-laget, og ein del kampar for aldersbestemte landslag.
Han signerte for Ham-Kam 26. november 2004. Vårsesongen 2005 blei øydelagt grunna for lite trening, men han spelte seg etter kvart inn som fast venstreback, og starta i alle kampane i haustsesongen. Han blei kåra til årets Ham-Kam-spelar i 2006 av både Hamar Arbeiderblad og supporterane på klubben si eiga heimeside.