Laptevhavet
Laptevhavet (russisk море Лаптевых, more Laptevykh) er eit randhav i Nordishavet. Det ligg mellom austkysten av Sibir, Tajmyrhalvøya, Severnaja Zemlja og Nysibirøyane. I nord grensar havet til ei linje som går frå Kapp Arktis ved 79°N og 139°E til Kapp Anisij. Karahavet ligg i vest og Aust-Sibir-havet i aust. Laptevhavet har eit areal på om lag 672 000 km² og seglbart i august og september då det er mindre is enn resten av året.
Laptevhavet er kalla opp etter dei russiske utforskarane Dmitrij Laptev og Khariton Laptev. Tidlegare vart havområdet kalla Nordenskjoldhavet eller Nordenskiöldhavet (russisk море Норденшельда; more Nordensjelda), etter den svenske polforskaren Adolf Erik Nordenskiöld.[1]
Elva Lena, med det store deltaet sitt, og Olenjok munnar ut i Laptevhavet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Laptev Sea» frå Wikipedia på engelsk, den 8. august 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Colliers Encyclopedia
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Økologi Arkivert 2006-09-30 ved Library of Congress Web Archives
- Publiseringar frå Alfred Wegner institutt (AWI) Berichte zur Polar- und Meeresforschung Arkivert 2008-09-20 ved Wayback Machine..