Australdukkand
Australdukkand | |
Australdukkandhann | |
Australdukkandhoe | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Andefuglar Anseriformes |
Familie: | Andefamilien Anatidae |
Slekt: | Aythya |
Art: | Australdukkand A. australis |
Vitskapleg namn | |
Aythya australis |
Australdukkand (Aythya australis) er ei lita til mellomstor dukkand i Aythya-slekta og er einaste dukkand som lever i Australia. Australdukkender er vanlege i søraustlege Australia, spesielt i Murray–Darlingbekkenet, men òg i det våtare landskapet nær kysten av Victoria. Dei er moderat nomadiske i normale år, men spreier seg mykje i høve til regnvêr og tørke. Monalege mengder av australender kan streife så langt unna som til Indonesia, Ny-Guinea, New Zealand, og andre øyar i Stillehavet,[1] der dei kan halde seg ei tid, jamvel over ein hekkesesong.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Australdukkender er i gjennomsnitt 48 centimeter i kroppslengd og veg 900 gram.[1] Begge kjønn er ganske einsarta sjokoladebrune på oversida, medraudbrune kroppssider, og noko kvitt på undersida, som ofte ikkje er synleg viss anda er i vatnet. I flukt er viser dei eit breitt kvitt band i bakkanten frå vengespissen til kroppen og nesten heile undersida av vengene er kvite. Hannfuglar har eit slåande kvitt auge, hoer har brunt auge.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Australdukkender føretrekker større innsjøar, sumpar og elver med djupt, stille vatn, men er ofte sett i mindre bekker, oversumde grassletter og grunne basseng. Som ein generell regel, unngår dei kystnære farvatn. Dei kjem sjeldan på land. Til likskap med somme andre dukkender, søkjer australender føde ved å dukke djupt, og kan ofte vere nede så lenge som eit minutt om gongen.[treng kjelde] Dei et eit breitt spekter av små, vasslevande dyr, og supplerer dette med akvatiske plantar.
Populasjonen er ikkje truga.[2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- ↑ BirdLife International (2012) Species factsheet: Aythya australis Arkivert 2012-10-20 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 21. juli 2012
- Denne artikkelen byggjer på «Hardhead» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2012
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Australdukkand hos Artsdatabanken
- (en) Australdukkand – oversikt og omtale av artane i WORMS-databasen
- (en) Australdukkand i Encyclopedia of Life
- (en) Australdukkand i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Australdukkand hos Fossilworks
- (en) Australdukkand hos ITIS
- (en) Australdukkand hos NCBI
- (en) Kategori:Aythya australis – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Aythya australis – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Aythya australis – detaljert informasjon på Wikispecies
- Videoar, bilete og lydopptak av australdukkender hos Internet Bird Collection