Bharatiya Janata-partiet
Bharatiya Janata-partiet | |||
| |||
| |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Partileiar(ar) | Jagat Prakash Nadda[1] | ||
Grunnleggjarar | Atal Bihari Vajpayee[2] | ||
Grunnlagt | 1980 | ||
Hovudkvarter | New Delhi[3] | ||
Medlemstal | 180 000 000 (2019)[4] | ||
Ideologi | kulturell nasjonalisme, hinduistisk nasjonalisme, Hindutva, Integral humanism, konservatisme, høgrepopulisme | ||
Politisk posisjon | høgresida[5] |
Bharatiya Janata-partiet (engelsk Bharatiya Janata Party, BJP, 'Indias folkeparti') er eit politisk parti i India. Det blei stifta i 1980 og blei i løpet av 1990-åra blitt det andre store nasjonale partiet i indisk politikk, ved sidan av Kongresspartiet. Partiet er knytt til høgresida og hindutva, «hindunasjonalisme».[6] Partisymbolet er ein lotusblom.[7]
BJP blei grunnlagd i 1980 som ein etterfølgjar til Bharatiya Jana Sangh. Det voks kraftig, og blei det nest største partiet ved valet i 1991. Ved valet til Lok Sabha i 1996 gjekk BJP sterkt fram og blei det største partiet i underhuset, utan å få fleirtal åleine. Partiet danna regjering under Atal Bihari Vajpayee, men klarte ikkje å mønstra fleirtal og måtte gå av etter tretten dagar. Etter nyval i 1998 danna Vajpayee på nytt regjering i ein koalisjon kalla National Democratic Alliance. Denne tapte fleirtal i 1999, men kom styrkt tilbake etter nyval og blei sitjande heile valperioden ut, til 2004. Partiet har deretter vore i opposisjon på riksplan.
BJP under Vajpayee førte ein liberal økonomisk politikk og landet som heilskap opplevde sterk økonomisk vekst. India utførte atomprøvesprengingane Pokhran-II i 1998, men betra seinare det spente tilhøvet til Pakistan. Partiet var likevel knytt til indre strid mellom religiøse grupper som blussa opp på 1990-talet med Ayodhya-konflikten og såg fleire dødelege opptøyar. Narendra Modi, som var øvsteminister for delstaten Gujarat under opptøyane der i 2002, blei vald som statsministerkandidat for partiet ved valet i 2014.[8]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://zeenews.india.com/india/jagat-prakash-nadda-bjps-new-national-president-rises-through-the-ranks-faces-several-challenges-2258301.html.
- ↑ https://www.aljazeera.com/news/2019/05/india-bjp-190523053850803.html; vitjingsdato: 5. juli 2020.
- ↑ «BJP moves to new headquarters». The Hindu. Henta 22. februar 2018.
- ↑ «With 8.8 crore members, BJP claims to be world's largest party». Henta 22. februar 2018.
- ↑ «Narendra Modi made his move.». Henta 9. april 2021.
- ↑ Arild Engelsen Ruud: Hindunasjonalismen Arkivert 2014-05-12 ved Wayback Machine., PACEM, bd. 7, nr. 2, 2004, s. 143-149.
- ↑ Political Parties And Election Symbols, 2007, Election Commission of India, s. 16 og 87.
- ↑ «Indians vote on key election day», BBC News (7 April 2014)
- Kristiansen, Knut & Filseth, Gunnar. Indias samtidshistorie (30. desember 2013), Store norske leksikon. Henta 11. mai 2014.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2019-03-12 ved Wayback Machine.