Hopp til innhald

Småriddarsporeslekta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Consolida)
Småriddarsporeslekta
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophytes
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Slekt: Småriddarsporeslekta Consolida
Gray, 1821

Småriddarsporeslekta (Consolida) er ei planteslekt i soleiefamilien. Om lag 40 eittårige artar tilhøyrer slekta. Desse finn ein naturleg frå Vest-Europa aust til Sentral-Asia.

Slekta har berre ein art som veks naturleg i Noreg: Consolida regalis, åkerriddarspore.

Nemninga «riddarspore» blir òg nytta om plantar både i slektene Consolida og Delphinium. Artane i Consolida skil seg frå Delphinium gjennom blomsterstrukturen, der plantane i Consolida har ein meir open struktur, medan plantane i Delphinium har blomstrar som sitt og dannar ei søyle. Dei fleste artane i Delphinium er fleirårige, medan artane i Consolida er eittårige.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]