Den europeiske romfartsorganisasjonen
- «ESA» omdirigerer hit. For andre tydingar av ordet, sjå ESA (fleirtyding).
ESA | |||
| |||
| |||
Bransje | Forsking og utvikling | ||
---|---|---|---|
Skipa | 30. mai 1975 | ||
Hovudkontor | Paris[1] | ||
Land | Frankrike | ||
Grunnleggjar(ar) | Belgia, Danmark, Frankrike, Vest-Tyskland, Italia, Nederland, Spania, Sverige, Storbritannia, Sveits | ||
Nettstad | https://www.esa.int |
Den europeiske romfartsorganisasjonen (ESA) er ein europeisk romfartsorganisasjon grunnlagd 31. mars 1975.[2] Formålet med organisasjonen er eit fredeleg samarbeid om å utnytte verdsrommet til forsking og næring. Organisasjonen har 22 medlemsland i tillegg til to assosierte medlem (Slovenia og Latvia). Canada er med i ein del av samarbeidet.[3] Organisasjonen har hovudkvarter i Paris i Frankrike. Operasjonssenteret, ESOC, ligg i Darmstadt i Tyskland.
Per februar 2005 hadde ESA 1907 tilsette. Budsjettet for 2013 var på omtrent 4282 millionar euro,[4] ein auke frå 2904 millionar euro i 2006. Inntektene til ESA kjem ifrå medlemslanda og står i forhold til kvart land sitt BNP. I tillegg køyrer ESA ei rekkje valfrie program som medlemsland kan velja om dei vil delta på.[5]
Medlemsland
[endre | endre wikiteksten]- Austerrike
- Belgia
- Danmark
- Estland
- Finland
- Frankrike
- Hellas
- Irland
- Italia
- Luxemburg
- Nederland
- Noreg
- Polen
- Portugal
- Romania
- Spania
- Storbritannia
- Sveits
- Sverige
- Tsjekkia
- Tyskland
- Ungarn
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ https://www.esa.int/Space_in_Member_States/France/L_ESA_faits_et_chiffres; vitjingsdato: 29. juli 2021; sitat: Le siège de l'ESA se trouve à Paris et c'est donc à Paris que se décident ses politiques et ses programmes..
- ↑ ESA feirar trettiårsjubileum - offisiell pressemelding
- ↑ http://www.esa.int/About_Us/Welcome_to_ESA/New_Member_States
- ↑ http://www.esa.int/About_Us/Welcome_to_ESA/Funding
- ↑ Om ESA - frå den offisielle heimesida, arkivert frå originalen 26. november 2012, henta 23. mai 2008
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- ESA på YouTubeDenne astronomiartikkelen som har med Europa å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.