Hopp til innhald

Guru Har Gobind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Guru Gobind Singh dji)
Guru Har Gobind

Sikh-guru
Fødd5. juli 1595
FødestadGuru ki Vadali
Død19. mars 1644
DødsstadKiratpur Sahib
FarGuru Ardjan Dev
BarnGuru Teg Bahadur, Baba Gurditta
FøregangarGuru Ardjan Dev
EtterfølgjarGuru Har Rai

Guru Har Gobind (19. juni 15953. mars 1644) var den sjette av dei ti sikh-guruane. Han vart guru den 25. mai 1606 som etterfølgjar etter far sin, guru Ardjan Dev, som blei avretta av stormogulen Jahangir.[1]

Føre guru Har Gobind døydde, utnemnde han Har Rai, barnebarnet sitt, som den neste sikh-guruen.

Dette er eit samandrag av høgdepunkta i livet hans:

  1. Han omforma sikh-samfunnet ved å innføre kampsportar og våpen for forsvar av massene etter at far hans døydde som martyr.
  2. Han militariserte sikh-rørsla; sjølv bar han to sverd — Miri og Piri.
  3. Han bygde Akal Takht i 1608 — dette er no ein av dei fem takhtane (styreseta) for sikhane.
  4. Han grunnla byen Kiratpur i Jalandhar i Panjab.
  5. Han sat som fange på fortet i Gwalior i eitt år, og da han vart frigjeven insisterte han på at dei andre 52 fangane der måtte frigjevast òg. Til minne om denne hendinga feirar sikhane divali.
  6. Han var den første sikh-guruen som gjekk ut i strid.
  7. Han slost fire slag mot Mughal-makta.
  1. HS Syan (2013), Sikh Militancy in the Seventeenth Century, IB Tauris, ISBN 978-1780762500, pages 48-55

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

AllAboutSikhs.com Arkivert 2007-08-07 ved Wayback Machine., Sikhs.org, Sikh-History.com Arkivert 2012-10-28 ved Wayback Machine.