The Internet Movie Database
The Internet Movie Database | |||
| |||
Type nettstad | anmeldelsesaggregator, videospilldatabase, kollaborativ katalogisering, database over tv-serier, podkastkatalog, online film database, selskap | ||
---|---|---|---|
Tilgjengeleg på | engelsk | ||
Grunnlagd | 17. oktober 1990 | ||
Eigar | Amazon.com | ||
Nettstad | www |
The Internet Movie Database (IMDb) er den eldste og sannsynlegvis største filmdatabasen på Internett. Den er kjent for å vere svært dekkjande, også med informasjon om ikkje-engelskspråklege filmar, lågbudsjettfilmar, TV-filmar og dataspel.
Soge
[endre | endre wikiteksten]IMDb vart oppretta i 1990 som eit enkelt program for å søkje i lista over vanlege spørsmål (FAQ) for nyheitsgruppe rec.arts.movies
.[1] I 1993 var det mogleg å sende spørsmål til programmet via e-post, og året etter kunne også brukarane sende inn tillegg til databasen og det vart utvikla eit www-basert grensesnitt, noko som opna IMDb for den store brukarmassen. I byrjinga var IMDb ikkje-kommersiell, og brukte donert bandbredde og maskinvare. I 1996 vart det danna eit selskap i Storbritannia, Internet Movie Database Ltd. med eigendomsretten til databasen, og det kom reklame på nettstaden. I 1998 vart verksemda kjøpt opp av Amazon.com.