IL Sverre
Utsjånad
(Omdirigert frå Idrettslaget Sverre)
Idrettslaget Sverre er eit idrettslag i Levanger i Nord-Trøndelag. Laget vart stifta 26. september 1886, og er såleis av dei eldste idrettslaga i landet. Sverre har avdelingar som driv med fotball, sykling, tennis og turn.
IL Sverre er særleg kjend for sine syklistar. Aller best kjend er Knut Knudsen, vinnar av olympisk gullmedalje i 4 000 meter forfylgjingsritt på bane (velodrom) under Sommar-OL 1972 i München.
Fotballaget spelar heimekampane på Eldberg stadion.