Åkersnelle
Åkersnelle | |
Åkersnelle | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karsporeplanter Pteridophyta |
Klasse: | Bregnar Polypodiopsida |
Orden: | Snelleordenen Equisetales |
Familie: | Snellefamilien Equisetaceae |
Slekt: | Snelleslekta Equisetum |
Art: | Åkersnelle E. arvense |
Vitskapleg namn | |
Equisetum arvense |
Åkersnelle eller kjerringrokk (Equisetum arvense) er éin av totalt 18 artar iv snelleslekta (Equisetum). Dette er stråliknande, ledda plantar som er den einaste gjenverande slekta av Sphenopsida, som i karbontida dominerte jorda med artar opp til 30 meter høge. Restar av artane i karbontida utgjer store delar av kolreservane på jorda.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Åkersnelle er særs vanleg i Noreg, og har utbreiing på den nordlege halvkula. Planten formeirer seg ved hjelp av sporar.
Skildring
[endre | endre wikiteksten]Planten blir oppil 50 cm høg, normalt over 20 cm, og dannar buskaktige klynger. Han skil seg frå skogsnelle ved at stenglane anten er fertile/fruktbare (utan blad) eller sterile/ufruktbare (med blad). Dei fruktberande stenglane er òg meir varierte i farge ved at «ledda» er mørkare og at dei har eit mørkare gråbrunt sporeaks i toppen. Dessutan har skogsnelle sterkt forgreina bladstilker om sommaren, noko engsnelle ikkje har.
Om våren er stengelen 15–25 cm høg og nesten ein halv cm tjukk, med 8 eller fleire grove skjelblad rundt stilken i kvar krans. Om våren er bladgreinene knapt synlege og ikkje forgreina, men når sporane er spreidde visnar vårstengelen. Greinene er litt hengande både på vår- og sommarstenglane. Sommarstengelen er gjerne 20–40 cm høg, men berre 3 mm tjukk og særs ru i konsistensen.
På den ufruktbare stengelen står kransar av blad ut i kvart «ledd» av stengelen, og til liks med blada til skogsnella heng òg dei til engsnella nedover, eller litt meir utover.
Bruk
[endre | endre wikiteksten]Ifølgje Jens Holmboe var planten ei av dei viktigaste kjeldene til etande «røter» i gammal tid. Knollar på rotstenglane, som hadde storleik som ertar, har ein søt smak som minnar om nøttekjernar.[1] Nyttevekstleksikonet til Norges sopp- og nyttevekstforbund rår til varsemd fordi planten, som andre snellar, inneheld thiaminase, eit ensym som spaltar B-vitamin, og fordi han kan irritera nyrene.[2] Det blir åtvara mot bruk over periodar lenger enn 6 veker, og personar med nedsett hjarte- eller nyrefunksjon bør ikkje bruka naturmedinske preparat av åkersnelle.[3]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Vårstengelen er brunaktig, snau og har ingen grøne greiner.
-
Nærbilde av sporeaks om våren.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jens Holmboe. Gamle norske matplanter. Oslo: I kommisjon hos J. Dybwad. s. 16.
- ↑ «Åkersnelle i Nyttevekstleksikonet». Norges sopp- og nyttevekstforbund. Henta 4. juli 2021.
- ↑ Vaughan, John Griffith. The oxford book of health foods (på engelsk). s. 91. «Horsetail [Equisetum arvense] should not be used for more than 6 weeks … [or] be given to those with impaired heart or kidney function.»
- Denne artikkelen bygger på «Åkersnelle» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juni 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Åkersnelle hos Artsdatabanken
- (en) Åkersnelle i Encyclopedia of Life
- (en) Åkersnelle i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Åkersnelle hos Dyntaxa
- (en) Åkersnelle hos ITIS
- (en) Åkersnelle hos NCBI
- (en) Åkersnelle hos The International Plant Names Index
- (en) Åkersnelle hos Tropicos
- (en) Kategori:Equisetum arvense – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Equisetum arvense – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Equisetum arvense – detaljert informasjon på Wikispecies