Søtvierfamilien
Utsjånad
(Omdirigert frå Potetfamilien)
Søtvierfamilien | |
Potetblomster frå Solanum tuberosum | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av søtvierfamilien | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrike: | Viridiplantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Solanales |
Familie: | Søtvierfamilien Solanaceae Juss., 1789 |
Søtvierfamilien (Solanaceæ) er ein plantefamilie i ordenen Solanales. Han omfattar rundt 2 000 artar fordelt på 95 planteslekter. Han gjev oss mange viktige grønsaker, som potet, tomat og aubergine. Dei fleste artane i familien er giftige, men til dømes potetknollen inneheld lite giftstoff og kan etast etter koking. Hageplantane petunia og japansk lykt, frukta physalis og tobakk kjem òg frå søtvierfamilien.
Kjente slekter
[endre | endre wikiteksten]- belladonna (Atropa)
- engletrompeter (Brugmansia)
- chilipepar (Capsicum)
- piggepler (Datura)
- bulmeurter (Hyoscyamus)
- alruner (Mandragora)
- tobakkar (Nicotiana)
- Petunia
- Physalis
- trompetblomster (Salpiglossis)
- galnebær (Scopolia)
- søtvier (Solanum)
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten] Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Søtvierfamilien