Rock and Roll Hall of Fame
Utsjånad
(Omdirigert frå The Rock and Roll Hall of Fame)
Rock and Roll Hall of Fame and Museum er eit æresgalleri og museum i Cleveland i Ohio, tileigna kjende og innverknadsrike utøvarar av rock and roll.
Sidan 1986 har eit lite tal personar blitt innsett i æresgalleriet i ein årleg seremoni i New York. Den første gruppa medlemmer, som blei innsett den 23. januar, inkluderte Chuck Berry, James Brown, Ray Charles, Fats Domino, The Everly Brothers, Buddy Holly, Jerry Lee Lewis og Elvis Presley.
Musikarar og grupper er no kvalifiserte til medlemskap 25 år etter første plateutgjeving.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Rockens æresgalleri» frå Wikipedia på bokmål, den 22. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstadDenne musikkartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.