Wikipedia:Dagens skandinaviske artikel/Nynorsk/Uge 12, 2011
Udseende
Den egyptiske revolusjonen i 2011 var ein oppreist i Egypt i januar og februar 2011 mot styret til president Hosni Mubarak. Demonstrasjonane blei utløyste av det vellukka opprøret i Tunisia. Det blei mobilisert til masseprotestar den 25. januar mot vanstyre, politivald og vanskelege levekår. Store mengder menneske demonstrerte, trass forsøk på å slå dei ned frå styresmaktene, og etterkvart byrja dei krevja avgangen til Mubarak og styret hans. 11. februar gjekk Hosni Mubarak av som president, og eit militært råd overtok midlertidig makta i landet. Les meir …