Fjord
Ein fjord er som regel ei langstrakt hav- eller innsjørenne med land på båe langsidene og med ein lukka ende (fjordbotnen) og ein open ende. Nemninga fjord kan òg vere bruka om ei seglingslei som er omgjeven av holmar, øyar eller fastland på begge sider. Ein lang innsjø med enkel, langstrakt form kan òg ha nemninga fjord.
I vitskapleg terminologi er nemninga fjord bruka om ei havbukt som er danna ved at ein bre har forma og fordjupa ein tidlegare dal[1] .
Ordsoge
endreOrdet fjord het på norrønt i fjǫrðr, i dativ firði[2] og i genitiv fjarðar. Ordet er danna av germansk *ferþu-, og har samanheng med verbet 'fare' og substantivet 'ferje'. Den indogermanske rota *per- tyder 'å setje over til den andre bredda'. Ordet fjord er i slekt med engelsk ford og tysk Furt ('vadestad')[3]. I den vitskaplege tydinga er ordet lånt inn i tysk som Fjord og engelsk som fiord. I tydinga seglingslei brukast i tysk ordet Förde og i engelsk firth, også dette ordet skal vere henta frå nordisk språk.
Ordet fjord har gitt opphav til stadnamnet Førde. Endinga -fjorden finst i ei rad stadnamn, ved somme høve ut frå dativforma forvanska til '-fær, -før eller, etter -s-, -vær, -vør (jf. Tysvær), ved andre høve forvanska til -fôr eller -jord[4].
Geologi
endreFjordane er oftast U-dalar laga av isbrear, som nå står under vatn. Fjorden er gjerne grunnare der han opnar seg mot havet av fleire grunnar, fordi isbreane sine morenemassar ligg att der, fordi isen var tjukkare lengre inn i landet eroderte han fjorden raskare lengre inne og/eller så stod isen i lengre tid inne i fjordane (og grov da fjorden meir ut). Denne fjordterskelen gjer at fjordar er rolegare enn det opne havet, og dermed ofte naturlege hamner. Ulempa med fjordterskelen er den hindrar utskifting av vatn, noko som gjer at til dømes forureining ofte vert verande i fjorden i lang tid.
Delar av fjordar
endreFjordar eller fjordsystem kan innehalde sidefjordar, sundstrekningar der sidelanda er avbrotne av tverrfjordar eller sund mellom øyar, vikar, bukter og nes.
Fjordar utan hav
endreEin smal innsjødel som munnar ut i ein større innsjø har òg gjerne nemninga fjord — som Furnesfjorden som er ei grein av innsjøen Mjøsa. Sjølve Mjøsa vert og vanleg kalla fjorden.
Ein del lange, fjordliknande innsjøar, særleg på Austlandet, vert òg kalla fjordar. Tyrifjorden og Randsfjorden er døme på dette. Nemninga kan henga saman med at dei vart brukte til ferdsel på same måte som fjordar i havet. Ordet fjord har samanheng med verbet «å fara» og substantivet «ferd» og heng òg etymologisk saman med engelsk «ford» (t.d. Oxford) og tysk «Furt» (t.d. Frankfurt am Main).
Dei fleste fjordane i verda finst langs kysten av Noreg, Skottland, Island, Grønland og det austlege Canada kring Nordatlanteren; langs kysten av British Columbia (Canada) og Alaska (USA) langs det nordaustlege Stillehavet; langs kysten av Chile ved det søraustlege Stillehavet og langs det sørvestlege New Zealand.
Vidkjende fjordar
endreLangs Nordatlanteren
endreFjordar i Noreg
endre- Sognefjorden (lengste fjorden i Noreg på 204 km)
- Geirangerfjorden
- Nærøyfjorden
- Hardangerfjorden
- Hjørundfjorden
- Trondheimsfjorden
- Varangerfjorden
- Sjå òg Fjordar i Noreg
Skottland
endreIsland
endreGrønland
endre- Kong Oskars Fjord
- Ilulissatfjorden
- Scoresbysund (verdas lengste fjord, 313 km)
Austkysten av Canada
endreLangs det nordlege Stillehavet
endreBritish Columbia (Canada)
endreAlaska (USA)
endreLangs det sørlege Stillehavet
endreChile
endreNew Zealand
endreReferansar
endre- ↑ Kunnskapsforlaget Store norske leksikon 1979 ISBN 82-573-0038-1
- ↑ Leiv Heggstad, Finn Hødnebø og Erik Simensen Norrøn ordbok, Det Norske Samlaget 1990 ISBN 82-521-3493-9
- ↑ Falk og Torp 1903: Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog Faksimileutg. Bjørn Ringstrøms antikvariat 1992 ISBN 82-90520-16-6
- ↑ Oluf Rygh Norske Gaardnavne (innl.), Kristiania 1898