Hopp til innhald

Uljanovsk oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Uljanovsk oblast
Ульяновская область
oblast
Flagg
Symbol
Land  Russland
Region Povolzjyje
Del av Europeisk Russland, Den volgiske føderasjonskrets
Hovudstad Uljanovsk
Areal 37 300 km²
Folketal 1 172 782 (2024)
Språk russisk
Tidssone UTC +3 (MSK)
Bilnummer 73
Kart
Uljanovsk oblast
53°57′00″N 47°55′00″E / 53.95°N 47.916666666667°E / 53.95; 47.916666666667
Wikimedia Commons: Ulyanovsk Oblast

Uljanovsk oblast[a] er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Uljanovsk, arealet er 37 300 km² og innbyggjartalet er 1 218 319 (2021).

Uljanovsk oblast ligg sentralt i Volga-regionen, på begge sider av elva Volga, aust i den europeiske delen av Russland. Området er ganske flatt. Volga sitt elveløp deler provinsen i to, og strekkjer seg 200 km innanfor provinsen sine grenser. Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen i januar er –14 til –12 grader celsius, i juli +18 til +20 grader celsius. 28 % av arealet er skogkledd. Det er omfattande oljeutvinning i området.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]
Elva Volga nær byen Uljanovsk.

Nesten halvparten av folket bur i byen Uljanovsk (614 800 ibuarar), nest største by er Dimitrovgrad (122 600).[1]

Den etniske samansetjinga var i 2010:[1]

Området som i dag utgjer Uljanovsk oblast vart russisk territorium etter at tsar Ivan den grusomme nedkjempa og erobra det mongolske Kazan-khanatet i 1552. I 1648 vart byen Simbirsk, som i 1924 endra namn til Uljanovsk grunnlagd. I 1870 vart Vladimir Iljitsj Uljanov, betre kjend som Lenin, fødd her. Under den russiske revolusjonen overtok bolsjevikane makta i Simbirsk 10. desember 1917. I 1918 fall byen i dei kontrarevolusjonære kvitegardistane sine hender, men vart gjenerobra av bolsjevikane i september. Under den andre verdskrigen vart fleire offentlege funksjonar evakuerte til Uljanovsk frå Moskva og Leningrad.

Ved valet til den regionale forsamlinga i 2003 kom fire grupperingar over sperregrensa på 5 %:

12,8 % stemde mot alle (blankt).

  1. russisk Ульяновская область Uljanovskaja oblast
  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Uljanovsk oblast