Sakhalin oblast
Utsjånad
Sakhalin oblast | |||
Сахалинская область | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Fjerne Austen | ||
Del av | Den fjernøstlige føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Juzjno-Sakhalinsk | ||
Areal | 87 101 km² | ||
Folketal | 485 621 (1. januar 2021) | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +10/11 | ||
Bilnummer | 65 | ||
Sakhalin oblast 50°33′N 142°36′E / 50.55°N 142.6°E | |||
Wikimedia Commons: Sakhalin Oblast |
Sakhalin oblast[a] er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Juzjno-Sakhalinsk, arealet er 87 100 km² og innbyggjartalet er 485 621 (2021). Provinsen består av øya Sakhalin og øygruppa Kurilane i Stillehavet. Dei sørlegaste øyane i Kurilane vert òg kravde av Japan.
Folkesetnad
[endre | endre wikiteksten]Berre 20 % av folket bur utanfor byar. Den einaste store byen er Juzjno-Sakhalinsk med 181 700 ibuarar i 2010. Dei andre byane har under 40 000 ibuarar. Fleirtalet av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske fordelinga:[1]
- Russarar: 82,3 %
- Koreanarar: 5,0 %
- Ukrainarar: 2,4 %
Det største av urfolka, nivkhane, utgjorde 2290 menneske, 0,5 % av folketalet i provinsen.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" Arkivert 2013-03-15 ved Wayback Machine. - Folketeljinga i Russland 2010