The Tracks of My Tears
The Tracks of My Tears Singel av The Miracles frå albumet Going to a Go-Go | ||
B-side |
«A Fork in the Road» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | juni 1965 | |
Innspelt | Hitsville USA (Studio A); 1965 | |
Sjanger | Soul | |
Lengd | 2:55 | |
Selskap | Tamla T 54118 | |
Komponist | Warren Moore, Smokey Robinson, Marv Tarplin | |
Tekstforfattar | Warren Moore, Smokey Robinson, Marv Tarplin | |
Låtskrivar(ar) | William «Smokey» Robinson, Jr., Warren Moore, Marvin Tarplin | |
Produsent | Smokey Robinson | |
The Miracles-kronologi | ||
«Ooo Baby Baby» 1965 |
The Tracks of My Tears | «My Girl Has Gone» 1965
|
«The Tracks of My Tears» er ein mykje innspelt kjærleiksballade først spelt inn i 1965 av The Miracles for Tamla på Motown Records. Songen vert rekna som ein av dei beste innspelingane til The Miracles og selde over ein million plater i løpet av to år.
Originalen
[endre | endre wikiteksten]«The Tracks of My Tears» vart skriven av Miracles-medlemmane Smokey Robinson (solovokalist), Pete Moore (bassvokalist) og Marv Tarplin (gitarist).
Smokey Robinson forklarte opphavet til songen: «Tracks of My Tears» vart faktisk starta av Marv Tarplin, som er ein ung fyr som spelar gitar for oss. Så han hadde denne linja, og me starta å arbeide vidare med han og det vart «Tracks of My Tears».
«The Tracks of My Tears» nådde andreplassen på R&B-lista til Billboard magazine og 16. plass på poplista i USA. Han vart gjeven ut seinare i Storbritannia i 1969, der han nådde 9. plass. I 1987 vart singelen gjeve u tpå nytt og nådde 82. plass i Storbritannia.
Ettermæle
[endre | endre wikiteksten]«The Tracks of My Tears» er ein av dei mest kjende songane til The Miracles og ein av dei mest innspelte songane deira. Han er likevel ikkje ein av dei sju Miracles-songane som nådde toppen av singellista i USA. Johnny Rivers nådde 10. plass med songen i USA i 1967.
Aretha Franklin spelte inn songen for albumet Soul '69, og gav han ut som B-sida til singelen «The Weight».
«Tracks of My Tears» nådde Topp 40 på poplista for tredje gong med Linda Ronstadt frå albumet hennar Prisoner in Disguise frå 1975. Singelen nådde 11. plass på countrylista i USA. I 1993 spelte Go West inn songen og nådde 16. plass i Storbritannia. Linda Ronstadt nådde 42. plass i Storbritannia i 1976 og ein versjon av Colin Blunstone i 1982 nådde 60. plass her.
Andre versjonar:
- The Jackson 5 spelte inn songen for Steeltown Records i 1968 og vart først gjeven ut på The Steeltown Sessions i 2008.
- Pat Kelly (1969)
- Dean Martin (1970)
- Gladys Knight & the Pips - B-side til singelen «If I Were Your Woman» (1970)
- The Pharaohs - The Awakening (1972)
- Bryan Ferry - These Foolish Things (1973)
- The Mighty Diamonds - (1977)
- The Flying Pickets - Live at the Albany Empire (1982); ein acappellaversjon
- Big Country - Live on the King Biscuit Flour Hour (1984)
- Carmel - The Drum is Everything (1984)
- Dogbowl & Kramer - Hot Day in Waco (1994)
- La Toya Jackson - Stop in the Name of Love (1995)
- Patty Griffin med Billy Mann (1996); konsertopptak
- Peter André - Time (1997)
- Mietta - La Mia Anima (1998)
- Billy Bragg (2002) på albumet England, Half-English.
- Gavin DeGraw (2004)
- Michael McDonald - Motown Two (2005)
- Mica Paris - Soul Classics (2005)
- Human Nature - Reach Out: The Motown Record (2005)
- Boyz II Men - Motown: A Journey Through Hitsville USA (2007); òg gjeven ut som singel.
- Dolly Parton - Backwoods Barbie (2008)
- Rod Stewart - Soulbook (2009)
- UB40 - Labour Of Love IV (2010)
Lovord
[endre | endre wikiteksten]The Miracles si innspeling er rangert på 50. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene i 2004.[1] Songen vart òg innlemma i Grammy Hall of Fame i 2007. I 2008 vart han bevart for all ettertid av United States Library of Congress i National Recording Registry.
Han vart rangert av RIAA på 127. plass på lista deira over dei beste songane frå 1900-talet. Songen er vald ut av The Rock and Roll Hall of Fame som ein av dei 500 songane som forma rock and roll.
Medverkande for The Miracles
[endre | endre wikiteksten]- Smokey Robinson - solovokal
- Marv Tarplin - gitar
- Claudette Rogers Robinson - korvokal
- Pete Moore - korvokal
- Ronnie White - korvokal
- Bobby Rogers - korvokal
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «The Tracks of My Tears» frå Wikipedia på engelsk, den 10. april 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «The RS 500 Greatest Songs of All Time». RollingStone.com.[daud lenkje]
55: «Like a Prayer» Madonna |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2021 over dei 500 beste songane gjennom tidene 54 «The Tracks of My Tears» Smokey Robinson and the Miracles |
53: «Good Vibrations» Beach Boys |
51: «The Message» Grandmaster Flash and the Furious Five |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 50 «The Tracks of My Tears» Smokey Robinson and the Miracles |
49: «Hotel California» The Eagles |
- Songar frå 1965
- Singlar frå 1965
- Singlar frå 1967
- The Miracles-songar
- Aretha Franklin-songar
- Linda Ronstadt-songar
- Smokey Robinson-songar
- Bryan Ferry-songar
- The Jackson 5-songar
- Dean Martin-songar
- Dolly Parton-songar
- Grammy Hall of Fame Award
- Rod Stewart-songar
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2010
- Beste songar gjennom tidene hos Rolling Stone 2021