Abdoulaye Wade
Abdoulaye Wade | |||
| |||
Fødd | 29. mai 1926 (98 år) Kébémer | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Senegal | ||
Yrke | politikar, advokat | ||
Institusjonar | Université Cheikh-Anta-Diop | ||
Utdanna ved | Lycée Condorcet Université de Franche-Comté | ||
Ektefelle | Viviane Wade | ||
Barn | Karim Wade | ||
Medlem | Académie des sciences d'outre-mer | ||
Alle verv |
Abdoulaye Wade (fødd 29. mai 1926) er ein jurist og politikar. Han var president i Senegal frå 1. april 2000 til 2. april 2012.[1] I 1974 stifta Wade det liberale partiet Parti Démocratique Sénégalais (Det senegalesiske demokratiske partiet), som han har leia sidan.[2] Han var i fleire tiår opposisjonsleiar og har både vore fengsla og i eksil.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Wade stilte for første gong som presidentkandidat i februar 1978 mot president Léopold Sédar Senghor, og fekk 17,4 % av røystene. Han stilte igjen i 1983, 1988 og 1993, og kom kvar gong på andre plass, bak president Abdou Diouf. I februar 2000 kom han igjen på andre plass i første runde av presidentvalet, men sidan ingen kandidatar fekk reint fleirtal vart det ein andre valomgang 19. mars. Wade vann med 58,5 % av røystene. Han vart president 1. april same året.
Det første året som president måtte Wade samarbeida med eit sosialistisk fleirtal i nasjonalforsamlinga. I 2001 fekk partiet hans fleirtal i parlamentsvalet. Etter ei ny grunnlov som vart vedtatt i 2001 vart presidentperioden redusert frå sju til fem år, frå og med neste presidentperiode. I desember 2004 vart det skrive under ein fredsavtale som skulle gjera slutt på tjue år med krig i Casamance-regionen sør i Senegal. Wade har kome under kritikk frå menneskerettsorganisasjonar som Amnesty International for trakassering og trugsmål mot journalistar og opposisjonelle.[3]
Ved presidentvalet i 2007 vann Wade, som kandidat for Det senegalesiske demokratiske partiet, ein klar siger i første runde, med 55.9 % av røystene.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Lawler, N. Ellen. «Abdoulaye Wade» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 27. februar 2024.
- ↑ Store norske leksikon (2005-2007): Abdoulaye Wade i Store norske leksikon på snl.no. Henta 27. februar 2024.
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 25. juli 2007, henta 25. juli 2007[daud lenkje]