Adreno
Utsjånad
Adreno er ein serie av grafikkprosessorar utvikla av Qualcomm.
Serien starta som det interne kallenamnet på grafikkteknologien til selskapet[1] og var brukt i dei mobile databrikkene deira. Med aukande etterspurnad etter meir avanserte multimedium og 3D-grafikk, fekk Qualcomm lisensiert Imageon frå AMD, for å kunne legge til maskinvareaksellererte 3D-funksjonar til dei mobile produkta sine.[2] Vidare samarbeid med AMD resulterte i utviklinga av Adreno 200, utgjeven i 2008, som vart integrert i den første Snapdragon-brikken. I januar 2009 selde AMD heile Imageon-avdelinga si til Qualcomm.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Adreno» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Qualcomm History and its GPU (R)evolution». PC Perspective. Henta 15. september 2019.
- ↑ «AMD Licenses 3D Graphics Core Technology to QUALCOMM, Delivering The Ultimate Visual Experience to Tomorrow's Phones». 14. mars 2009. Arkivert frå originalen 14. mars 2009. Henta 15. september 2019.
- ↑ Ferguson, Scott (20. januar 2009). «AMD Sells Handset Division to Qualcomm for $65 million». eWeek. Henta 6. juni 2014.