Hopp til innhald

Akmola oblast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Akmola
Ақмола
oblast
Symbol
Land  Kasakhstan
Hovudstad Koksjetau
Areal 146 219 km²
Folketal 733 113
Tidssone UTC +6
Postnummer 020000
Kart
Akmola oblast
52°N 69°E / 52°N 69°E / 52; 69
Kart som viser Akmola oblast.
Kart som viser Akmola oblast.
Kart som viser Akmola oblast.
Wikimedia Commons: Akmola Region

Akmola (kasakhisk Ақмола облысы, Aqmola oblysy) er eit oblast i Kasakhstan. Hovudstaden er Koksjetau, medan byen Astana, som er hovudstad for heile landet ligg innanfor oblastet, men høyrer administrativt ikkje til noko oblast. Koksjetau har 125 000 innbyggjarar og sjølve oblastet har om lag 740 000 innbyggjarar.

Akmola og Karagandy oblast er dei to einaste i landet som ikkje grensar til nokre av nabolanda til Kasakhstan. I tillegg Karagandy grensar Akmola til Nord-Kasakhstan oblast (Солтүстік Қазақстан), Pavlodar oblast og Kostanaj oblast. Av naturressursar i oblastet finn ein mellom anna gull og kol.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Akmola oblast