Hopp til innhald

Amazonas i Peru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amazonas
region
Flagg
Symbol
Land  Peru
Hovudstad Chachapoyas
Areal 39 249,13 km²
Folketal 433 717 (1. januar 2023)[1]
Kart
Amazonas i Peru
6°13′S 77°51′W / 6.22°S 77.85°W / -6.22; -77.85
Kart som viser Amazonas i Peru.
Kart som viser Amazonas i Peru.
Kart som viser Amazonas i Peru.
Wikimedia Commons: Amazonas Region

Amazonas i Peru er ein region i det nordlege Peru med grense mot Ecuador. Han har grenser mot Cajamarca-regionen i vest, mot San Martín-regionen i aust, Loreto-regionen i nordaust og La Libertad-regionen i sør.

Folkesetnaden var om lag 380 000 i 2017, arealet er 39 249 km². Hovudstaden er Chachapoyas.

Politisk inndeling

[endre | endre wikiteksten]
Provinsane i Amazonas-regionen.

Regionen er delt inn i sju provinsar med til saman 83 distrikt.
Provins (hovudstad):

  1. Bagua (Bagua)
  2. Bongará (Villa de Jumbilla)
  3. Chachapoyas (Chachapoyas)
  4. Condorcanqui (Santa María de Nieva)
  5. Luya (Lamud)
  6. Rodríguez de Mendoza (Mendoza)
  7. Utcubamba (Bagua Grande)

Det er to hovudtypar av landskapsformer i Amazonas-regionen, lågtliggande regnskog i nord og i aust og høgfjell i sør. Den lange djupe Marañón-dalen kryssar ein stor del av regionen og vidar seg ut i nordleg retning mot Bagua, kor han lengre nord smalnar inn gjennom Eastern Cordillera før han endar ned i regnskogen. Utcubamba-dalen kjem inn på tvers frå aust (frå Chachapoyas og Rodríguez de Mendoza) før han endar ned i Marañón. Utcubamba utgjer det viktigaste område for busetnad og produksjon i regionen.

Forsvunne arkeologiske sentera i regnskogen dukkar opp som vitnesbyrd på menneskeleg aktivitet i område i fjerne tider. Mange kulturar frå tida før spanjolane kom i 1532 har blomstra i dette område, og det står att mykje forsking og utgreiing av uløyste spørsmål. Kuélap-fortet er det mest representative monumentet frå tida før 1532. Det er eit svært byggverk av militær arkitektur som syner kva nivå folket i sivilisasjonen rakk opp til.

Chachapoyaskulturen utvikla seg i inkatida og stod i sterk opposisjon til Tawantinsuyu ved å motstå første freistnad frå inkaene på å inkludere regionen i inkariket.

Byen Chachapoyas vart tufta i 1538 av Alonso de Alvarado. I same året vart den første kyrkja reist. Seinare vart kyrkjene Santa Ana, San Lázaro og Señor de Burgos bygd. I april 1821 tok innbyggjarane i byen saman med frigjeringshæren åt San Martín makta ved å drive ut spanjolane og ignorere deira autoritet.

Regionen var sentral og sterkt knytt til frigjeringsrørsla. Den geistlege Toribio Rodríguez de Mendoza var den mest framståande representanten i rørsla som oppmuntra patriotane og signerte fridomserklæringa.

Krigen mellom Peru og Ecuador i 1981 vart utkjempa i fjellområdet Cordillera del Condor.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Amazonas i Peru