Aslaug Jevanord
Aslaug Jevanord | |
Pseudonym | Anitra |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 10. januar 1895 Fredrikstad |
Død |
4. januar 1987 (91 år) |
Yrke | forfattar |
Aslaug Hannestad Jevanord (10. januar 1895–4. januar 1987) var ein norsk forfattar som skreiv under pseudonymet Anitra. Willy Bakken omtalar ho i Norsk biografisk leksikon som «en av tidenes mest leste kvinnelige norske forfattere».[1]
Liv
[endre | endre wikiteksten]Jevanord var dotter av skipsmeklaren Andreas Hannestad og Anna Marie Hervig, og vaks opp på Holmen i Fredrikstad. Ho hadde utdanning som danselærar frå Paris. I 1914 vart ho gift med Thoralf Wilberg. Ekteparet fekk to barn og budde ei tid i Stockholm. Etter at det fyrste ekteskapet var oppløyst gifta ho seg på nytt med Jacob Roll. Dei var busette utanfor Hamar. Også dette ekteskapet vart oppløyst.
I sitt tredje ekteskap, frå 1938, var ho gift med Hans Kristian Jevanord. Etter andre verdskrigen budde ho i villaen «Trollbakken» i Ringsaker. Her var ho blant anna engasjert i arbeid for den lokale avdelinga av Raudekrossen.
Forfatterskap
[endre | endre wikiteksten]Som forfattar skreiv Aslaug Jevanord under pseudonymet Anitra. Frå 1924 skreiv ho petitartiklar for Aftenposten om ungjenta Peggi. Denne artikkelserien vart seinare utgjeven som ungjentebøker på Nasjonalforlaget i fire bøker, frå 1943 til 1946. Debutromanen hennar, En rytter i alléen, var ein av dei. Frå 1948 gav ho bøkene sine ut på Ernst G. Mortensens forlag.
Mange av bøkene var kjærleiksdrama om livet på hedmarksbygdene i 1930-åra.[1] Mange av romanane hadde undertittelen «Slektsroman fra de brede bygder». Ifølgje forfattarleksikonet til Willy Dahl vert bøkene hennar rekna «av mange kritikere som selve prototypen på romantiserende underholdningslitteratur».[2] Ho skreiv også nokre erindringsromanar frå Fredrikstad-området.
Romanane hennar kom ut på nytt i pocket-utgåve hos Ernst G. Mortensens forlag 1978–1980.[3]
Utgjevingar (utval)
[endre | endre wikiteksten]- Ring om månen (1943)
- Skjebnekryss (1944)
- Bitter sødme (1949)
- Storgårdsliv (1955)
- Flammende høst (1960)
- Lys og skygge over Leikvin (1965)
- Brudekronen (1970)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Willy Bakken Aslaug Jevanord i Norsk biografisk leksikon
- ↑ Dahl, Willy (1971). Nytt norsk forfatterleksikon. Gyldendal. s. 126. ISBN 8205004773.
- ↑ Willy Bakken (1994). Vakre damer og blodig død. Bladkompaniet. s. 93. ISBN 8250931912.
- Denne artikkelen bygger på «Aslaug Jevanord» frå Wikipedia på bokmål, den 1. mars 2023.