Atle Brynestad
Atle Brynestad | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 30. september 1953 (71 år) Rykkinn i Akershus |
Yrke | Forretningsmann |
Ektefelle | Linn Stokke |
Atle Brynestad (fødd 30. september 1953 på Rykkinn) er ein norsk forretningsmann som er mest kjend for å ha starta butikkjeda Smart Club i 1996.
Brynestad er utdanna cand.mag. frå Universitetet i Oslo med statsvitskap (hovudfag), offentleg rett og sosialøkonomi. Han har òg teke ein del økonomifag ved BI.
Karrieren byrja med at Brynestad starta ein strikkefabrikk på ein låve, 16 år gammal. Han kjøpte i 1984 Christiania Glassmagasin, og starta Smart Club hausten 1996. Han er i dag eigar av mellom anna Porsgrunds Porselænsfabrik, Hadeland Glassverk og Steninge slott i Sverige. Sommaren 2008 selde han FC Lyn Oslo og Smart Club.
Kritikk
[endre | endre wikiteksten]Brynestad vart gjenstand for kritikk og skepsis av investorar etter at NRK Brennpunkt viste dokumentaren «Porselensbløffen» i 2004. Programmet stilte han og hans Porsgrunds Porselænsfabrik i eit særs uheldig ljos. Brynestad vart så sint at han kalla NRK-sjef John G. Bernander «ein ål».[1]
Anna
[endre | endre wikiteksten]Han har sidan 1990 vore gift med skodespelaren Linn Stokke. Dei har fått to born saman. I tillegg har dei til saman seks born frå før, på kvar sin kant.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Skjør som porselen (Dagbladet, intervju, 2005)
- Elefant i porselensbutikk (Aftenposten, 2005)
- Dei rike bakmennene til fotballen Arkivert 2007-01-08 ved Wayback Machine.,
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Omsett frå «Atle Brynestad», innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 20:52.
Referansar