Beit Ummar
Beit Ummar | |||
بيت اُمّر, Bayt Ummar, Beit Omar | |||
kommune | |||
Beit Ummar, in 2011
| |||
Namneopphav: Ummarhuset[1] | |||
Land | Dei palestinske territoria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Hebron guvernement | ||
Koordinatar | 31°37′17″N 35°06′08″E / 31.62139°N 35.10222°E | ||
Folketal | 13 348 (2007) | ||
Borgarmeister | Nasri Sabarna | ||
Beit Ummar 31°37′17″N 35°06′08″E / 31.621388888889°N 35.102222222222°E | |||
Kart som viser Beit Ummar.
| |||
Wikimedia Commons: Beit Ummar |
Beit Ummar (arabisk بيت اُمّر) er ein arabisk by, 11 km nordvest for Hebron i Hebron guvernement.[2] I følgje Palestinsk statistisk sentralbyrå hadde byen i 2007 eit folketal på 13 348 innbyggjarar.[3] Sidan den andre Intifada har arbeidsløysa vore mellom 60 til 80 %, hovudsakleg fordi mange innbyggjarar tidlegare arbeidde i Israel.[4]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein trur at Beit Ummar er den bibelske landsbyen Maarath.[5] I følgje somme segner vart byen kalla opp etter den islamske kalifen Umar ibn al-Khattab fordi han visstnok ofte vitja byen. Mange av dei hovudsakleg muslimske innbyggjarane er etterkomarar etter arabiske kristne familiar og i gamlebyen er det fleire kristne ruinar.
Den franske oppdagaren Victor Guérin vitja landsbyen i 1863 og estimerte at han hadde kring 450 innbyggjarar.[6] I 1883 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) Beit Ummar som «ein liten landsby som er lett synleg frå langt mot nord. Det går ein eldgammal veg gjennom han. Kring 1 km nordaust for landsbyen ligg ei god kjelde, ' Ain Kufin. Moskeen har eit lite tårn ved sidan av. Det kringliggande nabolaget er dekt med kratt.»[7]
I folketeljinga i 1922, utført av Dei britiske mandatstyresmaktene, hadde Bait Ummar eit folketal på 829, alle muslimar,[8] og dette auka i folketeljinga i 1931 til 1 135, framleis berre muslimar, i 217 busette hus.[9] I 1945 var folketalet i Beit Ummar 80 jødar og 1 600 arabarar, som eigde 30 129 mål land i følgje ei offisiell landmåling.[10] 2 912 mål var plantasjar og irrigert land, 12 879 for korn,[11] medan 55 mål var utbygd (urbant) land.[12]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Palmer, 1881, s. 389
- ↑ Beit Ummar: Town Statistics and Facts
- ↑ 2007 PCBS Census Palestinsk statistisk sentralbyrå. s.118.
- ↑ Beit Omar Background, arkivert frå originalen 13. januar 2008, henta 28. september 2015
- ↑ Armstrong, 1889, s.119
- ↑ Guérin, 1869, s. 298
- ↑ Conder og Kitchener, 1883, s. 303
- ↑ J. B. Barron, red. (1923). Palestine: Report and General Abstracts of the Census of 1922. Government of Palestine. Table V, Subdistrict of Hebron, s. 10.
- ↑ Mills,1932, s. 27
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 50
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 93
- ↑ Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 143
- Denne artikkelen bygger på «Beit Ummar» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Armstrong, George (1889), Names and Places in the Old and the New Testament and Apocrypha, Committee of the Palestine Exploration Fund
- Clermont-Ganneau, Charles Simon (1896): Archaeological Researches in Palestina 1873-1874, [ARP], omsett frå fransk av J. McFarlane, Palestine Exploration Fund, London. Volume 1.
- Conder, Claude Reignier; Kitchener, H. H. (1883). The Survey of Western Palestine: Memoirs of the Topography, Orography, Hydrography, and Archeology 3. London: Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Guérin, Victor (1869). Description Géographique Historique et Archéologique de la Palestine. Vol 1; Judee, pt. 3.
- Hadawi, Sami (1970), Village Statistics of 1945: A Classification of Land and Area ownership in Palestine, Palestinsk frigjeringsorganisasjon forskingssentral
- Hütteroth, Wolf-Dieter; Abdulfattah, Kamal (1977). Historical Geography of Palestine, Transjordan and South Syria in the Late 16th Century. Erlanger Geographische Arbeiten, Sonderband 5. Erlangen, Tyskland: Vorstand der Fränkischen Geographischen Gesellschaft.
- Mills, E., red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas (PDF). Jerusalem: Government of Palestine.
- Palmer, E. H. (1881). The Survey of Western Palestine: Arabic and English Name Lists Collected During the Survey by Lieutenants Conder og Kitchener, R. E. Transliterated and Explained by E.H. Palmer. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Sharon, Moshe (1999), Corpus Inscriptionum Arabarum Palaestinae, Vol. II, B-C, BRILL, ISBN 9004110836