Bob Brunning
Bob Brunning | |||
Fødd | 29. juni 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bournemouth i England | ||
Død | 18. oktober 2011 (68 år) | ||
Dødsstad | London i England | ||
Fødenamn | Robert Brunning | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1967–2011 | ||
Sjanger | Bluesrock, blues | ||
Instrument | Bassgitar | ||
Tilknytte artistar | Fleetwood Mac, Savoy Brown, Tramp | ||
Verka som | Musikar, lærar |
Robert «Bob» Brunning (29. juni 1943–18. oktober 2011)[1][2] var ein britisk musikar, som ei kort stund var den første bassgitaristen i bluesrockbandet Fleetwood Mac.[3]
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Fleetwood Mac
[endre | endre wikiteksten]Då Peter Green slutta i Bluesbreakers i 1967, valde han å starte si eiga gruppe, som han kalla Fleetwood Mac etter rytmeseksjonen han ønskte seg i bandet - Mick Fleetwood og John McVie. Fleetwood vart med frå starten av, og slidegitaristen Jeremy Spencer vart henta inn, men McVie føretrekte å bli verande i the Bluesbreakers, der han hadde ei god og fast løn. I mellomtida tok Green inn Brunning som bassist, med håp om at McVie skulle ombestemme seg.
Etter nokre få veker skjedde nettopp dette, då han meinte leiaren i Bluesbreakers John Mayall tok bandet for langt i retning jazz. Så McVie vart med i bandet, medan Brunning måtte gje seg. Brunning medverka med bassgitar på eit enkelt spor på debutalbumet Fleetwood Mac, songen «Long Grey Mare».
Savoy Brown og lærarkarriere
[endre | endre wikiteksten]Etter den korte tida i Fleetwood Mac vart Brunning med Savoy Brown før han byrja å arbeide som lærar ved The College of St. Mark & St. John i Chelsea.[4] Lærarkarrieren hans varte i 30 år fordelt på fleire skular, men han gav aldri opp musikken, og spelte i Brunning Sunflower Blues Band, Tramp, og sidan DeLuxe Blues Band.
I 1972 spelte han bass på 22nd Streatham Cub Scouts-plata Songs for Your Enjoyment.[5]
Som forfattar
[endre | endre wikiteksten]Brunning skreiv òg fleire bøker, og fleire om Fleetwood Mac, den britiske bluesbølgja og musikk generelt. Bøkene hans om den tidlegare gruppa er mellom andre Behind The Masks, publisert i 1990, Fleetwood Mac: The First 30 Years frå 1998 og The Fleetwood Mac Story: Rumours and Lies'.
Død
[endre | endre wikiteksten]Brunning døydde 18. oktober 2011, 68 år gammal, etter eit hjarteinfarkt.[6]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bob Brunning» frå Wikipedia på engelsk, den 6. mai 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Another Man Done Gone..., arkivert frå originalen 23. november 2011, henta 6. mai 2015
- ↑ Bob Brunning (1943-2011), arkivert frå originalen 21. februar 2014, henta 6. mai 2015
- ↑ Furman, Leah (1 May 2003). Rumours Exposed: The Unauthorized Biography of Fleetwood Mac. Citadel Press. s. 25–. ISBN 978-0-8065-2472-6. Henta 31 July 2011.
- ↑ Laing, Dave (28 October 2011). «Bob Brunning obituary». The Guardian (London).
- ↑ Bob Brunning: Original bass player with Fleetwood Mac
- ↑ Laing, Dave (28 October 2011). «Guardian obituary». London: The Guardian. Henta 8 June 2012.