Hopp til innhald

Den greske borgarkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den greske borgarkrigen
Del av den kalde krigen

Dato Desember 1944 til 16. oktober 1949
Stad Sørlege Balkan
Resultat Vestleg alliert/rojalist siger
Partar
Hellas 1828-1970 og 1975-1978 Den greske hæren
Storbritannia Storbritannia
Kommunistpartiet i Hellas (ELAS, DSE)
Styrkar
150 000 menn 50 000 menn og kvinner
Tap
15 000 omkomne meir enn 32 000 omkomne eller fanga

Den greske borgarkrigen (gresk Ελληνικός εμφύλιος πόλεμος) vart i hovudsak utkjempa mellom 1946 og 1949, og var det første dømet på kommunistopprør etter den andre verdskrigen. Sigeren til dei greske antikommunistiske styrkane førte til Hellas sitt medlemskap i NATO og var med på å definere ein ideologisk maktbalanse i Egearhavet under heile den kalde krigen.

På den eine sida av borgarkrigen stod væpna styrkar frå den konservative greske etterkrigsadministrasjonen, og på den andre sida venstreorienterte og kommunstiske styrkar. Dette inkluderte viktige medlemmer av den største antinazistiske motstandsorganisasjonen (ELAS), under leiing av Kommunistpartiet i Hellas (KKE), og andre personar knytte til venstresida, men som ikkje nødvendigvis var kommunistar.

Den første fasen i borgarkrigen tok form i 1942-1944. Venstresida og høgresida av motstandsrørsla kjempa mot kvarandre for å få styringa over den greske motstandsrørsla. I den andre fasen (1944) vart kommunistane, som hadde militær kontroll over mesteparten av Hellas, møtt av britiske styrkar og styrkar frå den greske regjeringa som kom tilbake frå eksil, og som hadde vorte danna med vern frå vestlege allierte i Kairo. I den tredje fasen (vanlegvis kalla «Tredje runde» av kommunistane), 1946-1949, kjempa ei sentrums- og høgreorientert koalisjonsregjering, vald under unormale forhold, mot væpna styrkar kontrollerte av Kommunistpartiet i Hellas.

Borgarkrigen førte til ei politisk polarisering i Hellas, som vart ein alliert av USA og ein medlem av NATO, medan forholdet til dei sovjet-allierte naboane i nord vart meir spent.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Den greske borgarkrigen