Hopp til innhald

Diskusjon:Lux

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Er ikkje ljosmengdstyrke eit betre ord enn belysningsstyrke?--Fatagnus 8. mai 2005 kl. 1532 (UTC)

Kva med rett og slett lysstyrke/ljosstyrke? :) Olve 8. mai 2005 kl. 1835 (UTC)

Læt vænt, men er ikkje einingi candela mål på dette (eg er ikkje heilt stød her)? Medan lux er eingingi for ljos på eit visst umråde.

Tenkjer litt høgt: illuminas av illumino = lysa upp, altso upplysing (el. på-).--Fatagnus 8. mai 2005 kl. 1851 (UTC)

Godt spørsmål. I så fall lyt det òg gå mykje tydelegare fram i artiklane kva skilnaden er på desse to... Olve 8. mai 2005 kl. 1858 (UTC)
Eg strevar med å få klart for meg forskjellane på omgrepa lysstyrke med måleining candela, lysfluks med måleining lumen og belysningsstyrke med måleining lux. Så det kan ta si tid før eg tilføyer meir til desse spirene. No er ikkje eg allergisk for ord som byrjar på be, så belysningsstyrke er godt nok for meg slik sett. Men eg er ikkje heilt trygg på om det er det ordet som beskriv omgrepet best. Så om andre no er tende på å utvide spirene har dei og høve til å velje ord som dei tykkjer om. Asgeir 8. mai 2005

Start ein diskusjon om Lux

Start ein diskusjon