Earl Scruggs
Earl Scruggs | |||
Scruggs i 2005 | |||
Fødd | 6. januar 1924 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Cleveland County i Nord-Carolina i USA | ||
Død | 28. mars 2012 (88 år) | ||
Dødsstad | Nashville i USA | ||
Fødenamn | Earl Eugene Scruggs | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1945–2012 | ||
Sjanger | |||
Instrument | |||
Tilknytte artistar | |||
Plateselskap | |||
Verka som | Musikar | ||
Gift med | Louise Scruggs | ||
Born | Randy Scruggs, Gary Scruggs, Steve Scruggs | ||
Prisar | National Medal of Arts, Grammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame |
Earl Eugene Scruggs (6. januar 1924–28. mars 2012) var ein USA-amerikansk musikar som populariserte tre-fingerstilen på banjo, no kalla «Scruggs-stil». Denne stilen var med å definere bluegrass. Trefingerstilen hans var radikalt forskjellig frå den tradisjonelle måten ein femstrengs banjo var blitt spelt på tidlegare. Den nye stilen vart populær og var med å føre banjoen fram som eit soloinstrument, der det tidlegare berre hadde vore eit rytmeinstrument.
Karrieren til Scruggs byrja då han var 21 år gammal, då han vart henta inn i bandet til Bill Monroe, The Blue Grass Boys. Namnet «bluegrass» vart sidan nytta om ein heil sjanger innan countrymusikk. Trass i stor suksess med Monroe, framføringar på Grand Ole Opry og innspelingar av klassiske hittar som «Blue Moon of Kentucky», slutta Scruggs i gruppa i 1946 på grunn av den heftige turnéverksemda. Eit anna medlem i gruppa, Lester Flatt, slutta òg og dei to slo seg seinare saman i ei ny gruppe kalla Flatt and Scruggs og The Foggy Mountain Boys. Banjoinstrumentalen til Scruggs kalla «Foggy Mountain Breakdown» kom ut i 1949 og vart ein varig hit, og vart populær på ny for ein yngre generasjon då han vart nytta i filmen Bonnie and Clyde i 1967. Songen vann to Grammyprisar og i 2005 vart han vald ut til Library of Congress sitt National Recording Registry i USA for bevaring for ettertida.
Flatt and Scruggs førte bluegrass ut til eit større publikum tidleg i 1960-åra med countryhitten «The Ballad of Jed Clampett» — kjenningsmelodien til situasjonekomedien The Beverly Hillbillies. Det var den første Scruggs-innspelinga som gjekk til topps på Billboard-lista. I løpet av 20 år spelte Flatt and Scruggs inn over 50 album og 75 singlar. Duoen vart oppløyst i 1969, hovudsakleg fordi Scruggs ønskte å spele ein meir moderne stil, medan Flatt ønskte å halde fram i den gamle tradisjonen, og meinte den harde bluegrass-fansen ville mislike det. Sjølv om kvar av dei skipa sine nye band, fekk ingen av dei igjen den same suksessen dei hadde hatt.
Scruggs fekk fire Grammyprisar, ein Grammy Lifetime Achievement Award og National Medal of Arts. Han vart medlem av International Bluegrass Music Hall of Fame og fekk ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1985 vart Flatt and Scruggs innlemma saman i Country Music Hall of Fame og som duo vart dei plassert på 24. plassen på lista til TV-kanalen CMT over dei 40 beste mennene i countrymusikken. Scruggs fekk National Heritage Fellowship av National Endowment for the Arts, den høgaste æresprisen innan folkemusikk og tradisjonell kunst i USA. Fire verk av Scruggs er plassert i Grammy Hall of Fame. Etter Scruggs døydde i 2012, 88 år gammal, vart Earl Scruggs Center skipa nær fødestaden hans i Shelby i Nord-Carolina.
Utvald diskografi
[endre | endre wikiteksten]Tidlege singlar
[endre | endre wikiteksten]Mercury Records-singlar
- 1949 — God Loves His Children / I'm Going to Make Heaven My Home
- 1949 —We'll Meet Again Sweetheart / My Cabin in Caroline
- 1949 — Baby Blue Eyes / Bouquet in Heaven
- 1949 — Down the Road / Why Don't You Tell Me So
- 1950 — I'll Never Shed Another Tear / I'm Going To Be In Heaven Sometime
- 1950 — No Mother or Dad / Foggy Mountain Breakdown
- 1950 — Is It Too Late Now / So Happy I'll Be
- 1950 — My Little Girl In Tennessee / I'll Never Love Another
- 1951 — Cora is Gone / That Little Old Country Church House
- 1951 — Pain in My Heart / Take Me In A Lifeboat
- 1951 — Doin' My Time / Farewell Blues
- 1951 — Rollin' In My Sweet Baby's Arms / I'll Just Pretend
Columbia Records-singlar
- 1951 — Come Back Darling / I'm Waiting To Hear You Call Me Darling
- 1951 — I'm Head Over Heels In Love / We Can't Be Darlings Anymore
- 1951 — Jimmie Brown The Newsboy / Somehow Tonight
- 1951 — Don't Get Above Your Raising / I've Lost You
- 1951 — 'Tis Sweet To Be Remembered / Earl's Breakdown
- 1952 — Get In Line Brother / Brother I'm Getting Ready To Go
- 1952 — Old Home Town / I'll Stay Around
- 1952 — Over The Hills To The Poorhouse
- 1952 — I'm Gonna Settle Down / I'm Lonesome and Blue
Mercury Records-singlar
- 1952 — Pike County Breakdown / Old Salty Dog Blues
- 1952 —Preachin' Prayin' Singin' / Will The Roses Bloom
- 1953 — Back to the Cross / God Loves His Children
OKeh Records-singlar
- 1953 — Reunion in Heaven / Pray For The Boys
Columbia Records-singlar
- 1953 — Why Did You Wander / Thinking About You
- 1953 — If I Should Wander Back Tonight / Dear Old Dixie
- 1953 — I'm Working On A Road / He Took Your Place
- 1953 — I'll Go Stepping Too / Foggy Mountain Chimes
- 1954 — Mother Prays Loud in Her Sleep / Be Ready for Tomorrow May Never Come
- 1954 — I'd Rather Be Alone / Someone Took My Place With You
- 1954 — You're Not A Drop In The Bucket / Foggy Mountain Special
- 1954 — 'Till the End of the World Rolls 'Round / Don't This Road Look Rough and Rocky
- 1955 — You Can Feel It In Your Soul / Old Fashioned Preacher
- 1955 — Before I Met You / I'm Gonna Sleep With One Eye Open
- 1955 — Gone Home / Bubbling in My Soul
- 1956 — Randy Lynn Rag / On My Mind
- 1956 — Joy Bells / Give Mother My Crown
- 1956 — What's Good For You / No Doubt About It
- 1957 — Six White Horses / Shucking' the Corn
- 1957 — Give Me the Flowers While I'm Living / Is There Room For Me
- 1957 — Don't Let Your Deal Go Down / Let Those Brown Eyes Smile At Me
- 1957 — I Won't Care / I Won't Be Hangin' Around
- 1958 — Big Black Train / Crying Alone
- 1958 — Heaven / Building On Sand
- 1958 — I Don't Care Anymore / Mama's and Daddy's Little Girl
- 1959 — A Million Years in Glory / Jesus Savior Pilot Me
- 1959 — Cabin on the Hill / Someone You Have Forgotten
- 1959 — Crying My Heart Out Over You / Foggy Mountain Rock
- 1960 — The Great Historical Bum / All I Want Is You
- 1960 — Polka On A Banjo / Shucking the Corn (remake)
- 1960 — I Ain't Gonna Work Tomorrow / If I Should Wander Back Tonight
- 1961 — Where Will I Shelter My Sheep / Go Home
- 1961 — Jimmie Brown The Newsboy / Mother Prays Loud in MY Sleep?
- 1962 — Cold Cold Lovin' / Just Ain't
- 1962 — Hear the Whistle Blow A Hundred Miles / The Legend of the Johnson
- 1962 — The Ballad of Jed Clampett / Coal Loadin' Johnny
- 1963 — Pearl Pearl Pearl / Hard Travelin'
- 1964 — My Saro Jane / You Are My Flower
- 1964 — Petticoat Junction / Have You Seen My Dear Companion
- 1964 — Workin' It Out / Fireball
- 1964 — Little Birdie / Sally Don't You Grieve
- 1965 — Father's Table Grace / I Still Miss Someone
- 1965 — Go Home / Ballad of Jed Clampett
- 1965 — Gonna Have Myself A Ball / Rock Salt and Nails
- 1965 — Memphis / Foggy Mountain Breakdown
- 1966 — Green Acres / I Had A Dream (med June Carter)
- 1966 — Colours / For Lovin' Me
- 1966 — The Last Thing On My Mind / Mama You Been On My Mind
- 1967 — It was Only the Wind / Why Can't I Find Myself With You
- 1967 — Roust-A-Bout / Nashville Cats
- 1967 — The Last Train to Clarksville / California Up Tight Band
- 1967 — Theme from Bonnie and Clyde (Foggy Mountain Breakdown) / My Cabin in Caroline
- 1967 — Down In The Flood / Foggy Mountain Breakdown (remake)
- 1968 — Like A Rolling Stone / I'd Like To Say A Word For Texas
- 1968 — I'll Be Your Baby Tonight / Universal Soldier
- 1969 — Foggy Mountain Breakdown / Like A Rolling Stone
- 1969 — Universal Soldier / Down In The Flood
- 1969 — Maggie's Farm / Tonight Will Be Fine
Seinare singlar
[endre | endre wikiteksten]År | Singel | Listeplasseringar | Album | |
---|---|---|---|---|
US Country | CAN Country | |||
1970 | «Nashville Skyline Rag» | 74 | — | Earl Scruggs: His Family and Friends |
1979 | «I Sure Could Use the Feeling» | 30 | 41 | Today & Forever |
«Play Me No Sad Songs» | 82 | 66 | ||
1980 | «Blue Moon of Kentucky» | 46 | — | |
1982 | «There Ain't No Country Music on This Jukebox» (med Tom T. Hall) |
77 | — | Storyteller and the Banjo Man |
«Song of the South» (med Tom T. Hall) | 72 | — |
Gjestesinglar
[endre | endre wikiteksten]Year | Singel | artist | Liste Positions | album |
---|---|---|---|---|
US Country | ||||
1998 | «Same Old Train» | ymse artistar | 59 | Tribute to Tradition |
Musikkvideo
[endre | endre wikiteksten]År | Video | Regissør |
---|---|---|
1992 | «The Dirt Road» (med Sawyer Brown) | Michael Salomon |
1998 | «Same Old Train» (Various) | Steve Boyle |
2001 | «Foggy Mountain Breakdown» (Earl Scruggs and Friends) | Gerry Wenner |
Album
[endre | endre wikiteksten]År | Tittel | Listeplassering | |||
---|---|---|---|---|---|
US Country | US | US Heat | US Bluegrass | ||
1957 | Foggy Mountain Jamboree | ||||
1959 | Lester Flatt and Earl Scruggs with the Foggy Mountain Boys | ||||
1961 | Foggy Mountain Banjo | ||||
1963 | I Saw the Light with Some Help from My Friends | ||||
The Ballad of Jed Clampett | |||||
Flatt and Scruggs at Carnegie Hall | |||||
1964 | Flatt and Scruggs Live at Vanderbilt University | ||||
The Fabulous Sound of Lester Flatt and Earl Scruggs | |||||
1965 | Town and Country | ||||
1966 | Flatt and Scruggs Greatest Hits | ||||
1967 | Strictly Instrumental (med Lester Flatt og Doc Watson) | ||||
1967 | 5 String Banjo Instruction Album | ||||
1968 | The Story of Bonnie and Clyde (med Lester Flatt and the Foggy Mountain Boys)[1] | ||||
1969 | Changin' Times | ||||
1970 | Nashville Airplane | ||||
20 All-Time Great Recordings | |||||
1972 | I Saw the Light with Some Help from My Friends | ||||
Earl Scruggs: His Family and Friends | |||||
Live at Kansas State | 20 | 204 | |||
1973 | Rockin' 'Cross the Country | 46 | |||
Dueling Banjos | 202 | ||||
The Earl Scruggs Revue | 169 | ||||
1975 | Anniversary Special | 104 | |||
1976 | The Earl Scruggs Revue 2 | 161 | |||
Family Portrait | 49 | ||||
1977 | Live from Austin City Limits | 49 | |||
Strike Anywhere | |||||
1978 | Bold & New | 50 | |||
1979 | Today & Forever | ||||
1982 | Storyteller and the Banjo Man (med Tom T. Hall) | ||||
Flatt & Scruggs | |||||
1983 | Top of the World | ||||
1984 | The Mercury Sessions 1 | ||||
The Mercury Sessions 2 | |||||
Superjammin' | |||||
1987 | The Golden Hits | ||||
1992 | The Complete Mercury Sessions | ||||
1998 | Artist's Choice: The Best Tracks (1970–1980) | ||||
2001 | Earl Scruggs and Friends | 39 | 33 | 14 | |
2002 | Classic Bluegrass Live: 1959-1966 | ||||
2003 | Three Pickers (med Doc Watson og Ricky Skaggs) | 24 | 179 | 2 | |
2004 | The Essential Earl Scruggs | ||||
2005 | Live with Donnie Allen and Friends | ||||
2007 | Lifetimes: Lewis, Scruggs, and Long |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Earl Scruggs» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Nashville Scene». Billboard Magazine (Nielsen Business Media) 80 (22): 43. 1. juni 1968. ISSN 0006-2510. Henta 24. november 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Einskildmenn
- Fødde i 1924
- Døde i 2012
- USA-amerikanske bluegrassartistar
- USA-amerikanske countrybanjospelarar
- Countrymusikarar frå Nord-Carolina
- Grammy-vinnarar
- Grammy Lifetime Achievement Award
- Grand Ole Opry-medlemmar
- National Heritage Fellowship
- Folk frå Cleveland County i Nord-Carolina
- United States National Medal of Arts
- Foggy Mountain Boys-medlemmar