Hopp til innhald

Eirik II av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eirik II

Konge av Noreg
Regjeringstid12801299
Fullt namnEirik Magnusson
Fødd4. oktober 1268
FødestadNoreg
Død15. juli 1299
DødsstadBergen
GravstadBergen domkyrkje
Gift medMargaret av Skottland, Isabella Bruce
DynastiSverreætta
FarMagnus Lagabøte
MorIngeborg Eriksdatter
BornMargrete av Skottland, Ingebjørg Eriksdatter

Eirik II Magnusson (4. oktober 1268Juli 1299) var konge av Noreg i tidsrommet mellom 1280 og 1299.[1]

Eirik var eldste son av Magnus Lagabøte. Eit fall frå hesteryggen gav han moglegvis hjerneskade. Sidan han berre var barnet då han blei konge, blei styret ført av eit formyndarstyre. Han kom i konflikt med kyrkja under erkebiskop Jon Raude og fekk tilnamnet Prestehatar.

Han var først gift med Margaret av Skottland, dotter av kong Alexander III. Dei fekk dottera Margrete, som blei dronning av Skottland i 1286, berre tre år gammal. Etter at kona hans døydde i barselseng i 1283 gifta Eirik seg seinare med Isobel Bruce, søster av Robert I av Skottland.

Ettersom han døydde sønelaus blei Eirik Magnusson etterfølgd av bror sin, Håkon V.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Eirik II av Noreg