Eirik Milde
Utsjånad
Eirik Milde | |||
| |||
Fødd | 20. mai 1958 (66 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Eirik Milde (fødd 20. mai 1958) er ein norsk politikar som er ein av Høgres tre representantar frå Østfold på Stortinget 2013-2017.[1] Milde er medlem av Energi- og miljøkomitéen.[2]
Eirik Milde har vore medlem av både administrasjonsutvalet og fylkesutvalet i Østfold fylkeskommune.[3] Han har vore engasjert i Halden Høgre sidan 1999, og har hatt ei rekkje ulike verv både der og i Østfold Høgre. Mellom anna: varaordførar i Halden frå 2001-2007, ordførarkandidat i Halden i 2003 og representert Høgre på fylkestinget 2007-2009. Frå 2008 er han andre nestleiar i Østfold Høgre og 2011-2015 er han representant i kommunestyret i Halden.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Høgskoleavisa, 10.09.13: Bengt Morten inn på Stortinget. Vitja 30.10.13, arkivert frå originalen 1. november 2013, henta 30. oktober 2013
- ↑ Biografi hjå Stortinget
- ↑ Profil hjå Østfold Fylkeskommune, arkivert frå originalen 1. november 2013, henta 30. oktober 2013
- ↑ Profil hjå Høgre