FC Twente
Fullt namn | Football Club Twente | |||
---|---|---|---|---|
Kallenamn | The Tukkers Pride of the East The Reds | |||
Grunnlagd | 1. juli 1965 | |||
Heimebane | De Grolsch Veste (kapasitet: 30,205) | |||
Styreleiar | René Takens | |||
Hovudtrenar | Gonzalo Recoba | |||
Liga | Eredivisie | |||
2021/22 | 4. plass | |||
Nettstad | Heimeside | |||
| ||||
Noverande sesong |
Football Club Twente er ein fotballklubb i Enschede i regionen Twente i Nederland. Klubben vart skipa i 1965 ved samanslåinga av Sportclub Enschede og Enschedese Boys. FC Twente har sidan 1984 spela fast i den nederlandsk toppdivisjonen, Eresdivisie.
Twente vann i 2010 sitt fyrste og hittil einaste seriemeisterskap. Fire gongar har klubben hamna på andreplassen i serien; 1974, 2008, 2009 og 2011. I 2011 vann elles Twente den såkalla KNVB-pokalen som nederlandske cupmeistrar for tredje gongen. Gjennom andreplassen i den heimlege serien i 1974 kvalifiserte klubben seg for UEFA-cupen sesongen etter. Laget spela seg då heilt fram til finalen med bortekamp og heimekamp. Etter 0-0 på bortebane mot Borussia Mönchengladbach vart det ein real smell med 1-5-tap på heimebane.
Klubben har sidan 1998 spela heimekampane på De Grolsch Veste. Tribuneanleget har plass til 30 205 tilskodarar. Laget spelar i tilnærma heilraude drakter. Norske Hallvar Thoresen spela for Twente frå 1976 til -81.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «FC Twente» frå Wikipedia på engelsk, den 2. juni 2013.