Filmmusikk
Filmmusikk er musikk som er komponert spesielt for bruk i film, men det kan også omfatte annan musikk. Vanlegvis bruker ein musikk som dette til stemningsskapar i film, ved at musikken understrekar ei eller fleire hendingar i handlinga, eller ved at ein eller fleire av rollefigurane blir gjeve eit spesielt musikalsk tema. Eit døme på det siste er «Imperial March»-temaet (komponert av John Williams) som symboliserer det galaktiske imperiet og Darth Vader i fem av dei seks Star Wars-filmane.
Filmmusikk er som regel ikkje-diegetisk. Det vil seie at den ikkje kjem frå ei synleg kjelde på skjermen. Det finst unntak, som i filmen Vill vest (Blazing Saddles) av Mel Brooks frå 1974, der ikkje-diegetisk filmmusikk blir parodisert ved at Count Basie and his Big Band plutseleg dukkar opp «i bilete» under avspelinga av ein melodi.
Kjend filmmusikk
[endre | endre wikiteksten]- Star Wars, komponert av John Williams.
- Ringenes Herre, komponert av Howard Shore.
- Mission: Impossible-temaet, komponert av Lalo Schifrin.
- 2001: En romodyssé, med musikk av blant andre György Ligeti og Richard Strauss.
- Dollar-trilogien, komponert av Ennio Morricone.
- Indiana Jones-trilogien av John Williams
- Rocky-filmane av Bill Conti
- Pirates of the Carribean-filmane av Hans Zimmer og Klaus Badelt
- Kill Bill-filmane av Nancy Sinatra
- Harry Potter-filmane, mellom anna komponert av John Williams.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Filmmusikk» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2012.