Frankisk
Frankisk *Frenkisk | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Germanske språk Vestgermanske språk | |
Bruk | ||
Område | Vest-Europa | |
Frankisktalande i alt | Utdøydd | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | frk | |
Glottolog | fran1264
|
Frankisk er ei gruppe germanske språk eller dialektar som blei tala i Frankarriket i noverande Nord-Frankrike og det tyske Rhinlandet frå 300- til 700-talet. Språket er lite dokumentert, men danna opphav for mange lånord i gammalfransk. Frankiske dialektar tala i Nederlanda utvikla seg til gammalnederlandsk, som utvikla seg til mellomnederlandsk på 1100-talet.
Det rekonsturerte frankiske namnet for frankisk er *frenkisk.[1][2] Frankisk som tala før karolingartida er hovudsakleg rekonstruert frå gammalfranske lånord og frå gammalnederlandske nedteikningar frå 500- til 1100-talet. Ein runeinskripsjon på ei sverdslire, Bergakker-inskripsjonen frå ca. 425–450, kan vera eit døme på frankisk. Eit anna er ei formulering frå Den saliske lova frå tidleg 500-tal, brukt til å fri ein liveigen:
- Maltho thi afrio lito
- Eg seier, eg frir deg, halv-frie.[a]
Desse språkdøma er også blitt kalla gammalnederlandske.
Merknadar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Engelsk omsetjing: I say, I free you, half-free.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Fotnotar
- ↑ Willemyns, Roland (11. april 2013). Dutch: Biography of a Language. OUP USA. s. 5. ISBN 9780199858712.
- ↑ Tor, D. G. (20. oktober 2017). The ʿAbbasid and Carolingian Empires: Comparative Studies in Civilizational Formation (på engelsk). BRILL. ISBN 9789004353046.
- Denne artikkelen bygger på «Frankish language» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2018.