Hopp til innhald

Fredrik Havig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Havig
Fødd13. oktober 1855
Namdalen
Død30. august 1927 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar
FarChristian Møinichen Havig
Alle verv

Christian Fredrik Nergard Havig (13. oktober 18551927) var ein embetsmann og stortingsmann frå Namsos. Christian Havig var far hans.

Han vart student i 1873 og cand. jur. i 1878. Åra 1879-83 var han konstituert sorenskrivar i Nord-Gudbrandsdal, deretter i tre år sakførar på Kongsberg. Tida 1886-96 var han sakførar i Mosjøen. Vidare var han fut i Lofoten og Vesterålen i to år, sorenskrivar i Lofoten 1898-1909 og sidan i Ringerike.

Havig var medlem av Vågå heradsstyret 1881-83, ordførar på Kongsberg 1885-86 og i Mosjøen 1890-94. Medlem av representantskapen i Noregs Bank frå 1895.

Valbolken 1892-94 var Havig 1. varamann for Nordlands amt til Stortinget. Etter Kristian Moursund døydde, møtte han fast frå 22. april 1892. Han representerte sidan amtet på Stortinget til 1900 og på ny 1903-06, deretter einmannskrinsen Lofoten 1906-09. Heile tingtida var han medlem av justiskomiteen, dessutan var han medlem av Lagtinget 1895-1900 og 1903-09, og av valkomiteen 1898-00 og 1905-09, samt fullmaktskomiteen 1903-09. Valbolken 1898-1900 var han sekretær i Stortinget.

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914