Gutegruppe
Gutegruppe (engelsk boyband) er ei vokalgruppe knytt til popmusikk som typisk blir danna av unge gutar eller menn når dei er i tenåra eller tidleg i tjueåra.[1] Dei har ofte ein ung kvinneleg fanskare, og framfører gjerne kjærleikssongar. Mange gutegrupper dansar i tillegg til å synga, og har ofte velkoreograferte opptredenar. Nokre slike grupper blir danna av seg sjølv, til dømes frå ei songgruppe knytt til ei kyrkje eller gospel. Mange andre blir danna av managerar eller plateselskap som held auditionar og vel ut passande medlemmer. Jentegruppe er ei tilsvarande nemning om vokalgrupper med berre kvinnelege medlemmer.
Gutegrupper har vore særleg populære på 1960-talet, med til dømes The Jackson 5 og The Osmonds, 1990-talet og tidleg 2000-talet med grupper som Take That, Backstreet Boys, *NSYNC, Boyzone og Westlife, tidleg på 2010-talet med nye populære grupper som Big Time Rush og One Direction og K-pop-grupper som BTS, Exo, Seventeen og NCT, og seint på 2010-talet med grupper som CNCO, Why Don't We og PrettyMuch.
Musikkmagsinet Billboard meiner at ein definisjon av gutegruppe i vidaste forstand også kan inkludera tidleg The Beatles, som i byrjinga av karrieren la stor vekt på image og hadde ei stor overvekt av tenåringsjenter som tilhengjarar.[2] Musikknettstaden Udiscovermusic nemner også blant andre The Beach Boys, The Monkees og Maroon 5 som band med ein tilsvarende karrierestart, men at desse heller ikkje kan kategoriserast som typiske gutegrupper.[3]
Kjende gutegrupper
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Hickey, Walt (4. juni 2014). «Boy Bands: More Like Man Bands». FiveThirtyEight. Henta 7. juni 2014.
- ↑ «Are They a Boy Band or Not? Two Billboard Staffers Debate The Beatles, Brockhampton, 5 Seconds of Summer & More» hos billboard.com
- ↑ «Back For Good: How Boy Bands Made It To The Top» hos udiscovermusic.com
- Denne artikkelen bygger på «Boy band» frå Wikipedia på engelsk, og «Guttegruppe» frå Wikipedia på bokmål den 3. november 2021.