Guvernement i Jordan
Jordan er delt inn i 12 guvernement (muhafazah) etter det administrative inndelingssystemet til Innariksdepartementet. I 1994 vart det oppretta fire guvernement: Jerash, Ajloun, Madaba og Akaba. Dei to førstnemnde vart skild ut frå Irbid guvernement, Madaba guvernement vart skild ut frå Amman guvernement, medan Akaba vart skild ut frå Ma'an guvernement.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Geografisk ligg guvernement i Jordan i ein av tre regionar: Nord, sentralt, eller sør. Desse tre geografiske regionane er ikkje fordelt etter areal eller folketal, men heller geografisk samanheng og avstand mellom folkesentra. Den sørlege regionen er skild frå den sentrale regionen av fjell i Moab i Karak guvernement. Folkesentera i dei sentrale og nordlege regionane er geografisk skilde av fjella i Jerash guvernement. Samfunnsmessig dannar byane Amman, Salt, Zarqa og Madaba eit stort storbyområde, påverka av Amman. Byane Jerash, Ajloun og Mafraq er i stor grad påverka av Irbid.
Guvernement i Jordan | ||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Guvernement | Areal[1] (km²) | Folketal[2] | Urban[2] | Landsbygd[2] | Tettleik[1] (folk/km²) | Adm. senter | ||||
1 | Irbid | 1 572 | 1 137,100 | 943 000 | 194 100 | 723.4 | Irbid | |||
2 | Ajloun | 420 | 146 900 | 111 500 | 35 400 | 350.1 | Ajloun | |||
3 | Jerash | 410 | 191 700 | 120 100 | 71 600 | 467.8 | Jerash | |||
4 | Mafraq | 26 551 | 300 300 | 117 800 | 182 500 | 11.3 | Mafraq | |||
Nord | 28 953 | 1 776 000 | 1 292,400 | 483 600 | 61.3 | |||||
5 | Balqa | 1 120 | 428 000 | 307 400 | 120 600 | 382.0 | Salt | |||
6 | Amman | 7 579 | 2 473,400 | 2 325,500 | 147 900 | 326.3 | Amman | |||
7 | Zarqa | 4 761 | 951 800 | 899 800 | 52 000 | 199.9 | Zarqa | |||
8 | Madaba | 940 | 159 700 | 114 000 | 45 700 | 170.0 | Madaba | |||
Sentralt | 14 400 | 4 012 900 | 3 646 700 | 366 200 | 278.7 | |||||
9 | Karak | 3 495 | 249 100 | 87 200 | 161 900 | 71.3 | Al Karak | |||
10 | Tafilah | 2 209 | 89 400 | 63 800 | 25 600 | 40.5 | Tafilah | |||
11 | Ma'an | 32 832 | 121 400 | 66 600 | 54 800 | 3.7 | Ma'an | |||
12 | Akaba | 6 905 | 139 200 | 119 700 | 19 500 | 20.2 | Akaba | |||
Sør | 45 441 | 599 100 | 337 300 | 261 800 | 13.2 | |||||
Totalt | 88 794 | 6 388 000 | 5 276 400 (82,6%) | 1 111 600 (17,4%) | 71.9 |
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Governorates of Jordan» frå Wikipedia på engelsk, den 4. oktober 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Estimated Population of the Kingdom, Area (Km2) and Population Density by guvernement, at End-year 2012» (PDF). Department of Statistics - Jordan. 2012. Arkivert frå originalen (PDF) 26. desember 2018. Henta 27. desember 2013.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Estimated Population of the Kingdom by Urban* and Rural, at End-year 2012» (PDF). Department of Statistics - Jordan. 2012. Arkivert frå originalen (PDF) 27. desember 2013. Henta 27. desember 2013.