Hans Myhre
Utsjånad
Hans Myhre | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 8. februar 1817 |
Død |
31. august 1863 (46 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Hans Bernt Myhre (8. februar 1817–31. august 1863) var ein norsk snikkar frå Drammen som var stortingsmann frå Stavanger i tida 1854-61.
Myhre var son til ein hattemakar i Drammen. Sjølv slo han seg ned i Stavanger, der han tok borgarskap som snikkarmeister i 1841. Siste åra han levde var han forstandar for sjukehusa i Stavanger by.
Myhre vart vald til fyrste varamann til Stortinget 1851. Både i 1854, 1857-58 og 1859-60 var han ein av dei tre tingmennene frå bykrinsen Stavanger med fast tingplass. Han var medlem i Næringskomite nr 1.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914